Vestlandsrådet har skipa eit eige arbeidsutval (AU) med dei fire fylkesordførarane på Vestlandet. AU skal m.a. vere eit organ som set den politisk dagsorden og som avklarar kva saker ein skal arbeide med mellom møta og kva saker som skal takast opp i neste møte. I dag sit leiar i Vestlandet og fylkesordførar i Rogaland, Janne Johnsen, fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen, fylkesordførar i Hordaland, Tom-Christer Nilsen, og fylkesordførar i Sogn og Fjordane Åshild Kjelsnes, i AU.