Søkeresultat på

-


Loading...

Koordineringsmøte om marin forsøpling – 31.mars 2020

Med marin forsøpling på agendaen inviterer Vestlandsrådet til koordineringsmøte som i utgangspunktet var planlagt gjennomført i Stavanger. For å avgrense smittefare mot koronaviruset, er det bestemt at møtet skal gjennomførast digitalt. Møtet vert arrangert av Vestlandsrådet i samarbeid med Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkesmannen i Vestland, Fylkesmannen i Rogaland, og Senter for oljevern og marint miljø.

Målgruppe og agenda

Med dette møtet ønskjer vi at frivillige, næringsliv, klynger og det offentlege får presentert ny kunnskap om marin forsøpling, samtidig som vi lager ein samlingsplass for nettverksbygging og kunnskapsdeling på tvers av næringsinteresser, organisasjonar og forvalting. Vi vil sjå nærmare på status på opprydding, metodar, førebygging, finansiering, handtering av avfall, ny forsking og kunnskap, innovasjon, teknologi utfordringar og potensielle løysingar.
 

Deltakarar og presentasjonar

Vel 40 deltakarar frå heile Vestlandet deltok i det digitale møte som retta seg mot friluftsråd, organisasjonar, næringsliv, klynger og offentlege etatar. På møtet vart det presentert og delt ny kunnskap og forskingsresultat om marin forsøpling på tvers av næringsinteresser, organisasjonar og forvalting. Gjennom presentasjonane under vart det sett nærare på status opprydding, metodar, førebygging, finansiering, handtering av avfall, ny forsking og kunnskap, innovasjon, teknologi utfordringar og potensielle løysingar