Søkeresultat på

-


Loading...

Berekraftige tiltak mot marin forsøpling

26. september 2019 signerte Handelens Miljøfond og Bergen og Omland Friluftsråd kontrakt om gjennomføring av prosjektet: Plastfritt Naturreservat Tysnes.

Prosjektets visjon er å få naturen tilbake til sin naturlege stand, der målet er ein plastfri skjærgård.  I oppryddinga skal ein utvikle og teste ut ny metode og utstyr for grundig opprydding av plast ved ulike viker i naturreservatet. Sjølve oppryddinga vil forgå i tråd med naturmangfoldloven og gjeldande regler for verneområder. Prosjektet startar oktober 2019. Sjølve hoved opprydjingsdelen av prosjektet vil bli avslutta 15.april 2020, før fuglane si hekketid. Kunnskapsutvikling og erfaringsutveksling der og konsekvensanalyse av makro, mikro og nanoplast i miljøet vil være gjennomgåande i heile prosjektet vil foregå i til 2024.

Med heile 4.5 millionar til disposisjon som gåve i frå Handelens Miljøfond ser samtlege prosjektpartnarar fram til gjennomføringa av prosjektet som startar alt i oktober 2019. Prosjektet vert utført i samarbeid med Fylkesmannen i Vestland, Sunnhordaland Interkommunale Miljøverk (SIM), Tysnes Kommune, Lindum, NORCE, Havforskingsinstituttet, BOF og Vestlandsrådet