Søkeresultat på

-


Loading...

Ei felles stemme tek form

I skjæringspunktet mellom flinke folk og det naturen byr på, der ligg det store moglegheiter. Moglegheiter som vert utforska og utvikla i arbeidet med ny felles næringsstrategi for Vestlandet.

- Kva kan vi få ut av havet framover?

Sjeføkonom i SR-Bank, Kyrre Knudsen, løftar fram eit av dei sentrale spørsmåla i arbeidet med næringsstrategien. Det er ikkje utan grunn at havrommet opptek vestlendingane. Havet bind vestlandsfylka saman og byr på store moglegheiter. Både OECD og norske styresmakter har gjennom havstrategien konkludert med at dei viktigaste ressursane vil ligge i havet. Vi har verdas nest lengste kystlinje og 70 % av norsk eksport kjem frå havbaserte næringar. Kva no?

- Vi har fått fisk, olje og gass frå havet og no får vi kanskje mineral. Havet gir også vanvittig fin natur som igjen gir oss turisme. Og med havet har vi tilgang på kraft og fornybar energi, seier Knudsen, som er spent på kva det neste store havet kan gi oss.

Teknologi og kompetanse knytt til havrommet blir trekt fram som eksportvarer med stort vekstpotensial.

- Det er eit stort potensiale for enda meir samarbeid langs kysten, men dersom eksporten skal bli meir teknologiintensiv treng vi sterkare samarbeidspartar. Klyngene vi har langs kysten er gode på dette. Det er også helt avgjerande at vi held fram med å vere attraktiv region å bu og leve i.

Skal vi lukkast meiner Knudsen vi må evne å prioritere.

- Utfordringa er at det er mange vegar å gå, så vi må prioritere, samstundes som vi må vere opne for x-faktoren. Men dette er vestlendingen god på. Vi er vant med motvind, enten er det sviktande avlingar, fiske eller oljeprisfall. Vi har vore gjennom store skifte tidlegare, seier Knudsen, og tilpasningsevna er viktig i koronakrisa.

Aktørar frå heile Vestlandet er samla når den nye næringsstrategien for Vestlandet vert utforma. Framtidig næringsutvikling og grøn omstilling skal bygge på Vestlandet sine konkurransefortrinn. Éit fortrinn som er lett å skue er fjord-, fjell og kystlandskapet som har gitt reiselivet på Vestlandet jamn vekst det siste tiåret. Så kom ein pandemi.

Gjenreising og nye samarbeid

- Det er ei næring som har levd med håp, tru, restriksjonar og permiteringar. Vi er ei eksporttung næring som ikkje kan leve av nordmenn åleine, så no blør vi kraftig.

Fjord Norge-direktør Stein Ove Rolland legg ikkje skjul på at det har vore bratt oppoverbakke siste året, sjølv for ein vestlending. Framover ser han store gevinstar ved å koble reiselivsnæringa tett på andre bransjar for å skape vekst, grøn omstilling og nye verdikjeder på Vestlandet.

- Innanfor bærekraft og transport er det klare gevinstar, sjå berre på korleis skipsbyggjarar som Brødrene Aa og transportselskapet Rødne har bidrege til bedre besøksopplevingar óg 2 mindre utslepp gjennom utviklinga av elektriske ferjer. Likeins har reiseliv og mat openberre krysspunkt gjennom formidling og bruk av lokalmat, kvalitetsråvarer og måltidsopplevingar i verdsklasse.

- Kva skal til for å løfte næringa tilbake og forbi gamle høgder?

- Vestlandet må få til kraftfull markedsføring for å lokke til oss flere individuelle gjester med høgt forbruk, heile året. Det blir en kamp om synlighet, tydelighet og tilgjengelighet. Her må næringa få drahjelp frå fleire hald.

Til liks med Knudsen ser Rolland store fordelar dersom ein klarar å auke samarbeid og samskaping.

- Vestlandet kan tene mykje på samarbeid på tvers av ulike miljø. Reiselivet kan bli ein kunde for grøne transportløysingar, vi kan bli best på utvikling av økosystem for kundeopplevingar med koblingar mot arkitektur, design, teknologi og infrastruktur.

Vil bruke utestemma i kampen mot kompetanseflukt

Tidlegare fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal (Krf) er blant politikarane som sit i prosjektgruppa for arbeidet med næringsstrategien.

- Korleis kan Vestlandet bli ein enda større eksportør av teknologi og kompetanse?

- Vi må sikre at vi har tilgang på nok og rett arbeidskraft. At ungdommane vel å bli eller i alle fall flyttar tilbake til Vestlandet, er heilt avgjerande.

Næringsstrategien tek form gjennom innspel og diskusjonar på tvers av miljø. Leiarar frå maritime klynger på Møre diskuterar med næringsutviklarar frå Rogaland. Akademia og finansaktørar kjem med sine innspel gjennom møter på tvers av fylka, og gjennom dette ser ein nytten av dialog på tvers.

- Verdien av å overføre kompetansen frå olje- og gassnæringa til andre industriar er veldig spennande, likeins moglegheitene innan sirkulær økonomi. Reiselivsnæringa har óg eit potensiale som eg trur ikkje er tatt ut. Det er tydeleg at heilårsturisme kan styrke verdiskaping i distrikta.

- Næringsstrategien er også eit ledd i å styrke ei felles stemme frå Vestlandet. Kvifor treng vi det?

- Fordi Vestlandsstemma manglar. Eg føler vi til dels snakkar ganske høgt, men ikkje så mykje om moglegheitene og alt det spennande som skjer i Vest, og der må vi bli betre. Eg opplever at også næringslivet etterspør ei felles stemme frå Vest. Vestlandsrådet kan gjennom ei sterk stemme frå Vest vere ein tilretteleggar og bidra til næringslivsvekst på Vestlandet.

2 kjappe frå Kyrre, Stein Ove og Solveig!

- Kva er det viktigaste som bind Vestlandet saman?

Kyrre: Kyst- og havkultur. Vi er vant med å sjå utover og ikkje innover og følgje sjøvegen til nye marknadar.

Stein Ove: Dei storslåtte fjord- og fjellkulissane vi har. Og gemyttet til oss vestlendingar: stolte, skikkelege og så tek vi ansvar.

Solveig: Kysten, som har bundne oss saman og gitt oss felles moglegheiter og opplevingar.

- Kva er det viktigaste som har skjedd på Vestlandet innan 2030?

Kyrre: Det går an å forflytte seg frå sør til nord på Vestlandet på 1 time. Transportmoglegheitene er nøkkelen for å binde oss saman.

Stein Ove: Då har Vestlandet ein posisjon som er bygd på attraktivitet gjennom bærekraft. Regionen er, og oppleves som, bærekraftig, med heilårs reiseliv og grøne transportløysingar.

Solveig: At vi har henta fleire ungdomar heim, vi har positiv befolkningsvekst også utanom dei større byane - og vi er ein landsdel som fortsatt er attraktiv å bu og arbeide i.

Vestlandsrådet faktaboks:

  • Vestlandsrådet er et politisk samarbeidsråd mellom fylkeskommunene i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.
  • Vestlandsrådet er danna for å styrke landsdelen, både nasjonalt og internasjonalt, og utgjer ei politisk kraft som er sterkare enn den dei deltakande fylkeskommunane er kvar for seg.
  • Vestlandsrådet består av representantar frå fylkestinget sine medlemmer i dei ulike fylka.
  • Leiinga av Vestlandsrådet går på omgang og i 2021 har Møre og Romsdal fylkeskommune leiinga.
  • Ny næringstrategi for Vestlandet er klar i juni 2021