Søkeresultat på

-


Loading...

Felles næringsstrategi for Vestlandet

Vestlandsrådet vedtok 10. november 2020 å sette i gang ein prosess med å utvikle ein felles næringsstrategi for Vestlandet. Målsettinga for prosessen er å styrke Vestlandet som region for verdsleiande, berekraftig næringsliv, basert m.a. på kunnskapen og erfaringane som over lang tid er bygd opp i eksisterande næringsliv. Det er viktig å sikre nasjonale rammevilkår for ny vekst og omstilling for framtidas arbeidsplassar på Vestlandet. Kunnskapen om dette er stor, men fragmentert, og i løpet av prosessen skal kunnskapsgrunnlaget systematiserast og samanfattast i ein overordna næringsstrategi.

Prosjektet er initiert og finansiert av Vestlandsrådet. Det er organisert med ei styringsgruppe leia av Per Vidar Kjølmoen (Fylkesvaraordførar i Møre og Romsdal) og ei prosjektgruppe leia av Bergljot Landstad (Seniorrådgjevar i kompetanse- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune). PwC v/Ingvill Flo er engasjert som prosjektleiar.

Prosessen med å utvikle næringsstrategien skal vere ferdig til sommaren 2021.