For næringslivet er det viktig med rammevilkår som gjer dei konkurransedyktige både nasjonalt og internasjonalt. Rammevilkåra må vere slik at det er attraktivt for norske bedrifter å bli i landsdelen og for utanlandske selskap å etablere seg her. Vestlandsrådet skal aktivt påverke rammevilkåra for dei viktigaste næringane i landsdelen
Vestlandsrådet skal vidare arbeide for å sikre ei god og berekraftig utvikling i kyst- og havområda på Vestlandet. Marine og maritime næringar er sentrale næringar for Vestlandet. Det vil vere viktig å gjere desse konkurransedyktige både nasjonalt og internasjonalt.
Reduksjon av klimagassutslepp og tilpassing til forventa klimaendringar er vår tids store utfordring. Vestlandsrådet tek sikte på å bidra til at aktuelle tiltak vert samordna og at det vert utvikla og lagt til rette for ny fornybar energi.
Vi vil:
* Invitere relevante partar til å delta i eit strategisk marine- og maritimt partnarskap på Vestlandet med ansvar for å marknadsføre, synleggjere og påverke sentrale og internasjonale styresmakter
* Påverke arbeidet med forvaltningsplanen for Nordsjøen
* Arbeide for å etablere ein Nordsjøstrategi i regi av EU
* Syte for auka fokus på beredskap, ureining og utslepp lang kysten vår
* Sikre regionale tiltak for klimatilpassing innanfor området
* at rammevilkåra for kystressursane skal bli betre
* Politisk påverke innretning, rammevilkår og regional medinnflytelse i høve verkemiddelaktørane: SIVA, NFR og IN
* Arbeide for utflytting av statlege institusjonar og arbeidsplassar til regionen
* Vestlandsrådet vil ha eit særleg fokus på fagskulane og vere med å sikre ein fordelingsnøkkel som tar omsyn til dei faktiske behova for finansiering slik at fagskulane framleis kan vere ein sentral kompetansetilbydar saman med regionalt næringsliv
* Utvikle, profilere, posisjonere og påverke rammevilkåra for energiregionen Vestlandet knytt til naturgass, transport og industrielt CO2 lagring, fornybar energi særleg vindkraft og vasskraft
* Koordinere den politiske innsatsen i høve felles miljøutfordringar:
* Forvaltning av miljøfeltet og strandsona
* Styrke kompetanse -/FOU-miljøa innan energi, klima og skred på Vestlandet
* Revisjon av energilova særleg med omsyn til kraftprisregimet andre saker innan innovasjon og næring, kystressursforvaltning, energi og klima
Vestlandsrådet i form av vedtak av ny plattform for rådet med høve til revidering i samband med nytt val 2011, gjeldande frå midten av 2012. Administrativt er det fylkesrådmannen frå fylket som har leiarskapen som er ansvarleg, og med sekretariatet saman med sekretariatspleiar som operatørar.
Det er etablert ei arbeidsgruppe med representantar frå kvar fylkesadministrasjon. Det er avgjerande at deltakarar sikrar best mogeleg forankring (politisk gjennom sektorvise planar i eigne fylkesting og i administrasjonen) og har høve til å gjere raske og sjølvstendige avgjersle.
Kontaktpersonar: Jan Heggheim, Sogn og Fjordane fylkeskommune , tlf 905 66 623, jan.heggheim@sfj.no.