Søkeresultat på
Vestlandet er internasjonalt orientert. Verdiskapinga i Vest-Noreg er vesentleg for landet si valutainntening. Kulturelt og historisk er det tette band til nordiske granneland og til nærområda rundt Nordsjøen.
Regionane i Europa gjennomfører i aukande grad utviklingsoppgåver saman på tvers av landegrenser gjennom europeiske program. Vestlandsrådet er aktiv i dette arbeidet. Kvart av medlemsfylka har eit breitt internasjonalt engasjement og har eit samarbeid der dette er naturleg.
Ved å samordne engasjementet vil Vestlandet ha større tyngde i høve resten av Europa. Vestlandet vil også framstå som meir interessant samarbeidspartnar ved å stå samla. Særleg er det viktig å arbeide saman knytt til dei store felles utfordringane i Nordsjøområdet.
Vi vil:
I tillegg til måla skissert i plattforma for Vestlandsrådet, er det ønskjeleg at arbeidsgruppa for internasjonalt arbeid også speler ei viktig rolle som ein sentral møteplass for å presentere aktuelle problemstillingar knytt til internasjonalt arbeid på Vestlandet.
Det er etablert ei arbeidsgruppe med representantar frå kvar fylkesadministrasjon, som i dette vil vere internasjonal-/regionalvadelingane.
Kontaktperson 2019
Geir Sør-Reime
Rogaland fylkeskommune
geir.sor-reime@rogfk.no
918 84180