Søkeresultat på

-


Loading...

Kjempar for Vestlandet i NTP til siste slutt

Vestlandsrådet stod saman for felles samferdslesaker i møte med stortingsrepresentantar og andre fredag. Det er enno mogleg å påverke prioriteringane i Nasjonal transportplan i retning viktige saker for Vestlandet. 

Ferjefri E39, rassikring, betre rammer for ferjedrift og vedlikehald av vegnettet er dei største samferdslesakene Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Møre og Romsdal samlar seg om. Rundt 30 politikarar og representantar for interesseorganisasjonar var samla i Oslo 5. mai for å påverke NTP.

Mogleg å gjere endringar

– Totalramma for NTP 2018-29 er ambisiøs og ligg fast. Men det er enno mogleg å gjere endringar i prioritringane innanfor ramma, sa Helge Orten, H, frå Stortinget sin transport- og kommunikasjonskomité. – Eg forstår behova som blir lagt fram frå vestlandsfylka, og vi er kjende med dei. Men for å endre prioriteringane no må dei to regjeringspartia, KrF og Venstre vere einige, sa Orten.

Viktige prosjekt nasjonalt

– Dette er viktige prosjekt ikkje berre for Vestlandet, seier leiar i Vestlandsrådet og fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling. – Dette er prosjekt som gjev høg samfunnsøkonomisk lønsemd for heile landet. Verdiskapinga på Vestlandet er stor, og sentrale politikarar må sjå at betre kommunikasjonar her er ei viktig nasjonal satsing, sa Følling. Ho står fast på at utbygging av ferjefri og opprusta E39 i løpet av 20 år må oppretthaldast og fullfinansierast.

Ver, vind og smale vegar

Fylkesordførarane i dei fire fylka orienterte om sentrale fylkesvise utfordringar. Det vart trekt fram at Vestlandet er ein utfordrande landsdel for samferdsla, men smale vegar, mykje ras og skred, fjell, isbrear og fjordar og kyststrekningar som skal kryssast.  Meir vind og nedbør gjer desse enno meir sårbare. Avdelingsdirektør Per Øyvind Langeland i NHO Norge talte næringslivet si sak, og la fram deira  transport- og samferdslebehov og prioriteringar for stortingspolitikarane, fylkespolitikarane og interesseorganisasjonar på møtet.

– Eg er viss om at Vestlandsrådet uansett vil påverka diskusjonane om prioriteringane i NTP dei neste seks åra, så stortingsrepresentant Knut Arild Hardeide (KrF). – Til dømes ser eg no at ferjedrift og rammene for kjøp av ferjetenester er viktig, ikkje minst for konkurranseevna til industrien på Vestlandet, sa Hardeide.

Transport og kommunikasjonskomiteen legg fram si innstilling til NTP 2018-29 12 for Stortinget 12. juni, der den skal handsamast 19. juni.

Fire store problemstillingar
Dei viktigaste samferdslesakene for Vestlandsrådet er:

  • Ferjefri og opprusta E39 mellom Kristiansand og Trondheim: Statleg plan for utbygging av ferjefri og opprusta E39 i løpet av 20 år må oppretthaldast og fullfinansierast.
  • Forfallet på fylkesvegnettet: Det trengst eit krafttak for å ta att etterslepet på både riks- og fylkesvegnettet.
  • Rassikring: Vegnettet må vere sikra mot ras og skred innan 2030, i tråd med tilrådingane frå Nasjonal rassikrigsgruppe.
  • Ferjedrift: Det er behov for vesentleg betre rammevilkår for kjøp av ferjetenester. Vestlandet er ein nasjonaløkonomisk motor – med størst fastlandseksport i landet. Eit godt ferjetilbod er m.a. avgjerande for konkurranseevna til eksportindustrien. Vestlandsrådet ber også staten legge til rette for å kunne fase inn miljøferjer.

For meir informasjon:
Jenny Følling
leiar, Vestlandsrådet
jenny.folling@sfj.no
479 05 990