Norsk kulturpolitikk er i dag sentralistisk og statleg. Visjonen er derfor at ein no maktar å etablere ein eigen sjølvstendig regional kulturpolitikk i samarbeid mellom fylkeskommunane på Vestlandet. Får ein dette til, vil det vere ei nyskaping i norsk kulturpolitikk.
Vi vil:
I tillegg til måla skissert i den nye plattforma for Vestlandsrådet, er det ønskjeleg at arbeidsgruppa også speler ei viktig rolle som ein sentral møteplass for å presentere aktuelle problemstillingar knytt til kultur og kulturpolitikk på Vestlandet.
Det er etablert ei arbeidsgruppe med representantar frå kvar fylkesadministrasjon, fortrinnsvis kulturavdelingane. Det er avgjerande at deltakarar sikrar best mogeleg forankring (politisk gjennom sektorvise planar i eigne fylkesting og i administrasjonen) og har høve til å gjere raske og sjølvstendige avgjersle. Det vil tilseie at sektorleiarane bør vere deltakarar i arbeidsgruppa.
Medlemmene i arbeidsgruppa er Arvid Blindheim (leiar i 2010), Ingebjørg Erikstad, Anne Elisa Tryti og John Gunnar Johnsen
Kontaktperson er Ingerbjørg Erikstad, Sogn og Fjordane fylkeskommune, tlf 415 30 941, ingebjorg.erikstad@sfj.no.