Søkeresultat på

-


Loading...

Kystressursforvaltning - marin og maritim verdiskaping

For næringslivet er det viktig med rammevilkår som gjer dei konkurransedyktige både nasjonalt og internasjonalt. Rammevilkåra må vere slik at det er attraktivt for norske bedrifter å bli i landsdelen og for utanlandske selskap å etablere seg her. Vestlandsrådet skal aktivt påverke rammevilkåra for dei viktigaste næringane i landsdelen

Vestlandsrådet skal vidare arbeide for å sikre ei god og berekraftig utvikling i kyst- og havområda på Vestlandet. Marine og maritime næringar er sentrale næringar for Vestlandet. Det vil vere viktig å gjere desse konkurransedyktige både nasjonalt og internasjonalt.

Reduksjon av klimagassutslepp og tilpassing til forventa klimaendringar er vår tids store utfordring. Vestlandsrådet tek sikte på å bidra til at aktuelle tiltak vert samordna og at det vert utvikla og lagt til rette for ny fornybar energi.

Vi vil:

  • Invitere relevante partar til å delta i eit strategisk marine- og maritimt partnarskap på Vestlandet med ansvar for å marknadsføre, synleggjere og påverke sentrale og internasjonale styresmakter
  • Påverke arbeidet med forvaltningsplanen for Nordsjøen
  • Arbeide for å etablere ein Nordsjøstrategi i regi av EU
  • Syte for auka fokus på beredskap, ureining og utslepp lang kysten vår
  • Sikre regionale tiltak for klimatilpassing innanfor området
  • at rammevilkåra for kystressursane skal bli betre
  • Politisk påverke innretning, rammevilkår og regional innflytelse i høve verkemiddelene
  • Arbeide for utflytting av statlege institusjonar og arbeidsplassar til regionen
  • Vestlandsrådet vil ha eit særleg fokus på fagskulane og vere med å sikre ein fordelingsnøkkel som tar omsyn til dei faktiske behova for finansiering slik at fagskulane framleis kan vere ein sentral kompetansetilbydar saman med regionalt næringsliv
  • Utvikle, profilere, posisjonere og påverke rammevilkåra for energiregionen Vestlandet 
  • Koordinere den politiske innsatsen i høve felles miljøutfordringar
  • Forvaltning av miljøfeltet og strandsona
  • Styrke kompetanse-/FOU-miljøa innan energi, klima og skred på Vestlandet
  • Andre saker innan innovasjon og næring, kystressursforvaltning, energi og klima

 

Kontaktperson

Lena M. Søderholm
Sogn og Fjordane fylkeskommune
lena.soderholm@sfj.no
970 35 449