Søkeresultat på

-


Loading...

Nasjonal transportplan på saklista i Vestlandsrådet
 
Handlingsprogram 2018–23 for Nasjonal transportplan (NTP) 2018–2029 er ute på høyring og står på sakslista for møtet i Vestlandsrådet 25. oktober.
 
Handlingsprogrammet konkretiserer kva som skal gjerast på vegnettet den første seksårsperioden av NTP og dannar grunnlaget for dei årlege løyvingane i statsbudsjettet i perioden. Fylkeskommunane og dei store bykommunane er høyringsinstansar og skal kome med innspel innan 31.12.2017.
 
Rassikring, tunnelar og E39
Det er lagt opp til at også Vestlandsrådet skal kome med ein uttale om handlingsprogrammet.
 
Fylkesrådmann Tore Eriksen rår rådet til å leggje vekt på mellom anna ferjefri E39, rassikring, opprusting av tunnelar og vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegar. Eriksen ber Vestlandsrådet gjere følgjande vedtak:
 
1. Vestlandsrådet tek til etterretning at det behov for kostnadsreduksjonar for dei store fjordkryssingsprosjekta, og avventar revidert framdriftsplan for Ferjefri E39. Det er behov for tilstrekkeleg med planleggingsmidlar for å kunne realisere fjordkrysningane. Samstundes vil rådet peike på at det også er trong for å få ein god og samanhengande standard langs heile E39. Dette vil binde byane og distrikta langs vestlandskysten saman og redusere transportkostnadene for næringslivet.
 
2. Vestlandsrådet er nøgd med at det i Nasjonal transportplan 2014–23 vert satsa på skredsikring. Behova for skredsikring på Vestlandet er likevel særs store, og det er trong for å prioritere meir midlar til skredsikring av vegane i dei fire fylka i åra som kjem.
 
3. Vestlandsrådet er nøgd med at det vert satsa på å ruste opp tunnellar, slik tunnellforskrifta legg opp til. Det er likevel store behov for opprusting av fylkesvegtunnellane i tråd med forskrifta, og rådet ber om at fylkeskommunane vert sette økonomisk i stand til å handtere dette.
 
4. Det er eit stort behov for å ta igjen vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane. Vestlandsrådet ber om at regjeringa har eit særleg fokus på dette i den vidare oppfølginga av NTP.
 
5. Vestlandsrådet tek inndelinga av hovudvegsamband mellom aust og vest til etterretning, og avventar neste NTP for vidare satsing på desse vegsambanda.
 
6. Vestlandsrådet er nøgd med at Stad skipstunnell er innarbeidd i NTP 2018-29, og ber om at Kystverket har stort fokus på gjennomføring av prosjektet i samsvar med framdriftsplanen.
 
Samferdsle alltid sentralt
Samferdsle har vore ei svært viktig og samlande sak for Vestlandsrådet sidan rådet vart skipa i 2003. Dei fire vestlandsfylka har heile vegen arbeidd særleg med prosjekt som ferjefri E39, Stad skipstunnel og rassikring.
 
Vestlandsrådet er eit samarbeidsråd mellom dei fire fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Leiarvervet går på omgang mellom dei fire fylka, og fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane leiar rådet i 2017. Det betyr at det er fylkesrådmann Tore Eriksen som førebur saker og kjem med tilrådingar til rådet.
 
Foto: Thor-Aage Lillestøl/Photoevent