Søkeresultat på

-


Loading...

Samferdsel

Gode kommunikasjonar er ein kritisk faktor for å sikre konkurransekraft og høg verdiskaping på heile Vestlandet. Betring av kommunikasjonane er sentralt også for å gjere landsdelen meir attraktiv å busette seg i. Det må difor leggjast opp til effektive transportløysingar både internt på Vestlandet og mot resten av landet og mot utlandet. I tråd med forvaltningsreforma og fordelinga av ansvar for samferdsle der fylkeskommunane i dag har ansvaret for 80% av vegnettet, må Vestlandsrådet likevel ha eit særleg fokus på å sikre naudsynte ressursar til stamvegar og staten sitt ansvar for samferdsleføremål i landsdelen.

Fylkeskommunane må elles sjølv få ansvar for å bestemme bompengeprosjekt i framtida, ikkje som i dag der dette vert avgjort i Stortinget.

Vi vil:

  • Aktivt følgje opp transportplanen for Vestlandet

  • Følgje opp Nasjonal transportplan og ivareta Vestlandet sine interesser i arbeidet med planen og i samband med oppfølging av planen

  • Politisk påverke statlege løyvingar og prioriteringar i høve:

                  - E39 kyststamvegen

                  - Rassikring

                  - Ferjeavløysingsmidler og ferjeanbud                   

                  - Vedlikehald/etterslep 

                  - Breiband, fiber og mobiltelefoni 

  • andre saker innan samferdsle


I tillegg til måla skissert i den nye plattforma for Vestlandsrådet, er det ønskjeleg at arbeidsgruppa også speler ei viktig rolle som ein sentral møteplass for å presentere aktuelle problemstillingar knytt til samferdsle på Vestlandet.

Vestlandsrådet i form av vedtak av ny plattform for rådet med høve til revidering i samband med nytt val 2011, gjeldande frå midten av 2012. Administrativt er det fylkesrådmannen frå fylket som har leiarskapen som er ansvarleg, og med sekretariatet saman med sekretariatspleiar som operatørar.

Det er etablert ei arbeidsgruppe med representantar frå kvar fylkesadministrasjon, som i dette vil vere samferdsleavdelingane.

Kontaktperson og leiar

Ole Ingar Hagen Hæreid
Sogn og Fjordane fylkeskommune
415 30 954
ole.hareid@sfj.no