Søkeresultat på

-


Loading...

 

Sogn og Fjordane leiar Vestlandsrådet i 2017

Jenny Følling og Sogn og Fjordane fylkeskommune tok over leiinga av Vestlandsrådet 1. januar 2017.  Viktige saker i 2017 vil vere arbeidet med Nasjonal transportplan og næringsutvikling basert på naturressursane på Vestlandet.

Fylkesordførar Jenny Følling tek over etter fylkesordførar Anne Gine Hestetun som leiar av rådet i 2017.
Vestlandsrådet var samla til årets første møte på Flesland 28. februar.

Nasjonal transportplan og vestlandet
– Ei viktig sak for Vestlandsrådet i 2017 blir arbeidet med Nasjonal transportplan. Fylkesvegnettet vårt, opprusting av tunellane,  ferjenøkkelen og rassikring er viktige saker for alle fire fylka. Eit samla vestland har gjennom Vestlandsrådet stor påverknadskraft i desse sakene, seier fylkesordførar Jenny Følling. Vestlandsrådet er eit politisk samarbeidsråd mellom fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og har ei viktig rolle også i åra som kjem meiner Følling.
– Desse fylka har mange felles interesser og utfordringar, som Vestlandsrådet kan gjere ein god jobb for å sikre og løyse. Eg ser fram til å leie rådet vidare i ei viktig tid for Vestlandet, seier Følling.

Nordsjøkommisjonen og Brexit
Vestlandsrådet handsama handlingsprogrammet for Vestlandsrådet sitt arbeid i Nordsjøkommisjonen i 2017 i møtet, samt rekneskap og budsjett for rådet. Deltakinga i Nordsjøkommisjonen er ein vesentleg del av Vestlandsrådet sitt internasjonale engasjement. Vestlandsrådet er representert ved norsk medlem Marianne Chesak, Rogaland, med Åshild Kjelsnes, Sogn og Fjordane, som vara. Vestlandsrådet vedtok 28. februar å starte arbeidet med eit kunnskapsgrunnlag og eit politisk posisjonsdokument for kva Brexit vil ha å seie for Vestlandet som region. Brexit vil kunne få store konsekvensar for utviklinga i Nordsjøregionen og for å møte utfordringane er det føremålstenleg å utvikle sjå på korleis Vestlandsfylka bør innrette seg.
Handlingsprogram for Vestlandsrådet sitt arbeid i Nordsjøkommisjonen

Vestlandsrådet fekk også orienteringar frå Vestnorsk filmkommisjon om arbeidet dei gjer i regionen, status for sysselsetjing og arbeidsinnvandring på vestlandet, og om regionreformarbeidet i dei fire fylka.

Sogn og Fjordane fylkeskommune tek i tillegg til den politiske leiinga også over den administrative innstillingsretten overfor rådet, samt leiinga av sekretariatet og faggruppene innanfor Vestlanderådet i år. Bergen og Stavanger kommunar har møte- og talerett.

Vestlandsrådet har vedteke seks satsingsområde for samarbeidet:
- Samferdsel
- Innovasjon og næringsutvikling
- Kystressursforvaltning - marin og maritim verdiskaping
- Energi, miljø og klima
- Kultur
- Internasjonalt arbeid

Kommande møte i Vestlandsrådet 2017:
11. mai 2017 Sogndal Quality Hotel, Sogndal
25. september Sola Strand Hotel, Sola

Kontaktperson:
Jenny Følling, fylkesordførar Sogn og Fjordane
jenny.folling@sfj.no
tlf.: 479 05 990