Tilbake til forsiden
 

Vestlandsprogrammet

Vestlandsrådet utførte i 2004 ei analyse av status innan næringsutvikling på nye artar og offentlege verkemiddel. Analysen bekrefta at tilgangen til eigenkapital var avgrensa, og at eksisterande verkemiddel ikkje var tilpassa behovet for nye artar bedrifter. I januar 2005 starta Vestlandsrådet arbeidet med å utvikle eit program for ei fylkesovergripande satsing på nye marine artar, og forprosjektet til ?Vestlandsprogrammet for nye oppdrettsartar? vart sett i gong hausten 2005. I desember 2006 gjorde Vestlandsrådet vedtak om oppstart av Vestlandsprogrammet for nye oppdrettsartar. Vedtaket omfatta korleis arbeidet med gjennomføring av programmet vert organisert og tiltak knyta til arbeidet med finansieringsordningar. Tiltak knyta til tre andre hovudtema vart handsama av Vestlandsrådet i mars 2007. Vestlandsprogrammet vil ha eit langsiktig tidsperspektiv over 10-12 år.

Vestlandsporgrammet er organisert med programgruppe og styringsgruppe. Representantane i det fylket som til ein kvar tid har sekretariatet i Vestlandsrådet leiar programgruppa og styringsgruppa. Stryringsgruppa består av næringssjefane i de fire vestlandsfylka, og er forsterka med ein representant frå Innovasjon Norge (IN). Fram til 2009 hadde styringsgruppa også ein representant frå Fiskeri- og habruksnæringens landsforening (FHL). Programgruppa består av ein marin medarbeidarar frå kvart av dei fire deltakarfylka, samt ein frå IN, ein frå Norges Forskningsråd (NFR) og frå og med 2009 ein representant frå FHL. Frå om med august 2009 er det leigd inn sekretær i 50% stilling med kontorstad i Sogn og Fjordane.

Under arbeidet med gjennomføringa av Vestlandsprogrammet vert det lagt vekt på å involvere næringa. Ein søker også å spesifisere dei politiske problemstillingane for næringa, og aktivt innarbeide planar for det politiske arbeidet i handlingsplanen. Rullering av strategi og handlingsplanar finn stad jamleg. Vestlandsprogrammet omfattar artane torsk, kveite, blåskjel, kamskjel, flatøsters, kråkebolle og hummar.

STRATEGI:
Satse systematisk på utvalte nye marine artar. Utvikle betre og ta i bruk eksisterande finansieringsordningar. Sikre oppbygging av kompetanse. Stø opp under utvikling av effektive verktøy for arealplanlegging. Gjennomføre eit effektivt påverknadsarbeid mot sentrale styresmaktar. Tettare samarbeid med VRI. Aktiv dialog med bedrifter og bedriftsnettverk innan nye marine artar. Samhandling og samarbeid i virkemiddelapparatet. Etablere internasjonal kontaktflate. Implementering av eksisterande kunnskap i bedriftene.







Vestlandsrådet skal styrke landsdelen, koordinere den politisk innsatsen til beste for landsdelen, fremje andre felles politiske saker, aktivt påverke rammevilkår, skape samhandlingsarenaer og ta initiativ til samarbeidsprosjekt.
Kontakt Vestlandsrådet
Arkitekt Eckhoffsgt.1 – Postboks 130
4001 Stavangter
Telefon (+47) 91 32 24 63
E-post: odd.erik.hansgaard@@rogfk.no
Logg inn