Søkeresultat på

-


Loading...

Vestlandsrådet samordnar storinnsats mot marin forsøpling

Vestlandsrådet etablerer eit omfattande samordningsprosjekt for å setje i gang tiltak mot marin forsøpling.

Miljødirektoratet har ein eigen strategi mot marin forsøpling, og samordningsprosjektet på Vestlandet er ein del av oppfølginga av denne.

Statusmøte på nyåret

Vestlandsrådet hadde eit møte om prosjektet i Bergen like over nyttår. Der oppdaterte rådet seg på kva som er status for arbeidet mot marin forsøpling, og såg på korleis dei fire fylka kan få til samarbeid og mobilisering i strandsona langs heile vestlandskysten i 2018. Blant deltakarane var Miljødirektoratet, Friluftrådets Landsforening og Naturverforbundet.

– Vi vil ta ansvar og arbeide for å rydde opp i forsøplinga av kysten og havet. Biletet av kvalen med buken full i plast viser tydeleg kvifor det må gjerast noko. No tek Vestlandsrådet grep, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane og avtroppande leiar for rådet, Jenny Følling.

Vestlandsrådet er sett saman av dei fremste fylkespolitikarane frå Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Leiarvervet går på omgang, og fylkesordførar Jon Aasen i Møre og Romsdal vert leiar i 2018.

Skal utvikle spisskompetanse

Prosjektet mot marin forsøpling skal byggje på fleire pilotprosjekt knytte til rydding i strandsone, kartlegging/rydding av sjøbotn og førebyggjande arbeid.

– Det er på tide å ta eit samla koordineringsansvar for større tiltak retta mot marin forsøpling langs heile vestlandskysten. Alle fire fylkeskommunane må difor utvikle eigen spisskompetanse innan prioriterte innsatsområde og tema for å kunne ta ei slik leiande rolle i arbeidet, seier Følling.

Vil setje det på den nasjonale dagsorden

Vestlandsrådet meiner at ein i dag manglar målretta samarbeidsarenaer i arbeidet mot marin forsøpling. Slike arenaer krev at relevante samarbeidspartar deltek, og at dei viktigaste aktørane forpliktar seg til å bidra.

Vestlandsrådet meiner det ikkje er nok å satse på reinskingstiltak og tettare samarbeid på Vestlandet, og vil difor også setje temaet på den politiske dagsordenen nasjonalt.

– Slik kan vi sikre nødvendige prioriteringar og ressursar til dette viktige arbeidet. Vestlandsrådet vil også medverke til at temaet blir følgt opp i internasjonale forum, slår Følling fast.

For meir informasjon

Jenny Følling
jenny.folling@sfj.no
479 05 990