Søkeresultat på

-


Loading...

Møte i Sogndal 11. mai 2017

Det var møte i Vestlandsrådet 11. mai i Sogndal. Aktuelle saker var mellom anna marin strategi for fylka og rammer for ferjeflåten.

Saker til handsaming 11. mai 2017

Nokre aktuelle saker:

·        Marin strategi, årleg oppfølging: handlingsplan

·        Rammevilkår for drift og fornying av ferjeflåten: Vestlandsrådet etablerer
         ein prosess mot Finansdepartementet og Kommunal- og
         moderniseringsdepartementet i høve den generelle modellen for
         finansiering av ferjedrifta. Her skal også KS involverast.

Møtet var på Sogndal Quality Hotel kl. 08.45 til seinast kl. 17.10.

Program:
08:45 – 09:15:
Kaffi og rundstykke ved frammøte.
09:15 – 09:45:
Fylkesvise gruppemøte (grupperom merka med fylkesnamn).
09:45 – 10:30:
«Regjeringa sin havstrategi». Innleiing og diskusjon. Jon Ødegård Hansen, seniorrådgjevar, Olje- og energidepartementet, innleier 30 min.
10:30 – 11:15:
«Erfaringar med høgoppløyselege botnkart i Møre og Romsdal». Innleiing og diskusjon. Jarl Martin Møller, kommunalsjef, Herøy kommune, innleier 30 min.
11:15 – 12:00:
«Grøn skipsfart» og studien «Fra vei til sjø»: Kva potensiale ser næringa, og kva utfordringar må løysast i det vidare arbeidet? Innleiing og diskusjon. Leiv Arne Marhaug, Gasnor, kommunikasjonssjef, innleier 30 min.
12:00 – 13:00:
Lunsj. Ved behov fullfører vi fylkesvise gruppemøte 12:40-13:00 (grupperom).
13:00 – 13:45:
«Leverandørindustrien innanfor havbruk på Vestlandet». Atle Blomgren, seniorforskar, International Research Institute of Stavanger (IRIS), innleier 30 min.
13:45 – 14:00:
NTP 2018-29:
Høyringsmøte med Stortinget sin transportkomité (25.-26.04.) og frukost-/dialogmøte ved KS Agenda (05.05.). Felles oppsummering.
14:00 – 15:45:
Sakshandsaming (jf. sakliste og skriv/meldingar under). 16:00 – 17:00 Fosshaugane Campus – orientering og enkel servering. Felles transport kl. 15:50.


Buss frå Fosshaugane til Sogndal Lufthamn, Haukåsen seinast kl. 17:10.

 

Møtedatoar 2017:

- 28. februar, Clarion Hotel Bergen Airport, Bergen

- 5. mai, frukostmøte, Hotel Bristol, Oslo

- 11. mai, Quality Sogndal Hotel, Sogndal

- 25. oktober, Sola Strand Hotel, Sola

 

kontakt: 
Ole.Inge.Gjerald@sfj.no
Sogn og Fjordane fylkeskommune
57 63 80 00