Nettsted søk
Framsida Næringsutvikling Samferdsel Kultur Internasjonalt  

 
TILSKOT TIL NORDATLANTANSTISK SAMARBEID
NORA – nordatlantisk samarbeid i regi av Nordisk Ministerråd – gir støtte samarbeidstiltak der partnarar frå minst to NORA land deltek (Island, Grønland, Færøyane og KystNorge).
   
   
Hurtigruta er viktig for Vestlandet. Men kvifor ikkje gassdrevne hurtigruter, Meltveit Kleppa?
Hurtigruta frå Bergen til Kirkenes er kysten sin jernbane. Eit stabilt, konkurransedyktig og føreseibart tilbod for godstrafikk, lokale reisande og reiseliv. Difor bør dagens frekvens og anløpsmønster oppretthaldast, oppfordrar leiar i Vestlandsrådet, Olav Bratland. Bratland ønskjer i tillegg at Norges mest attraktive turisttilbod vert verdas reinaste sjøreise gjennom overgang til gassdrivne fartøy basert på flytande naturgass (LNG).
   
   
Vil ha auka regionalpolitisk styring
Vestlandsrådet vil ha auka regionalpolitisk styring på arkiv-, bibliotek- og museumssektoren (ABM). Institusjonane spelar ei viktig rolle i samband med fylkeskommunane si utøving av rolla som regional utviklingsaktør, og fylkeskommunane løyver årleg store summar til føremåla.
   
   
VESTLANDSRÅDET – VERTSKAP FOR OECD
22. og 23 juni 2010 skal fagfolk, ekspertar og politikarar på Vestlandet møte utsende frå OECD (Organization for Economic Co-Operation and Development) i samband med at det skal gjennomførast ein regional politisk analyse av Vestlandet.
   
   
Vestlandsprogrammet - utlysing av prosjektmidlar
Vestlandsprogrammet for nye oppdrettsartar har fokus på utvikling og kommersialisering av verksemd med utgangspunkt i artane kamskjel, blåskjel, østers, kveite, torsk, hummar og kråkebolle. I 2010 her ein vald å rette utlysninga for midlane mot utfordingar knytta til optimalisering og stabilisering av yngelproduksjon i marine klekkeri med vasskvalitet/ vassmiljø som tema. Totalramma i 2010 er NOK 2,7 mill.
   
   
VESTLANDSRÅDET - FRÅSEGN OM STAD SKIPSTUNNEL
Vestlandsrådet meiner det er avgjerande viktig at ein snarast får lagt fram ei eiga sak til Stortinget om Stad skipstunnel. Bakgrunnen er dei mange store og grundige utgreiingane som allereie er gjort omkring Stad skipstunnel. Verdien av å få realisert Stad skipstunnel er ved fleire høve vist til som stor både med omsyn til generell samfunnsnytte, for auka tryggleik langs kysten, og miljøpolitisk.
   
   
Eit europeisk tyngdepunkt
Ein samla oversikt over all maritim og marin aktivitet på Vestlandet vil visa at landsdelen er ein av dei tyngste klyngene i sitt slag i Europa. No skal aktivitetsnivået dokumenterast.
   
   
Vurderer bompengar for å finansiera ferjefri E39 – Kyststamvegen
Ein ferjefri E39 – Kyststamvegen frå Kristiansand til Trondheim vil krevja investeringar i storleik 100 milliardar kroner. For å realisera prosjektet tilrår Vestlandsrådet at det vert sett saman ei kreativ finansieringspakke
   
   
Stemning for vestnorsk Nordsjøstrategi
Vestlandet bør spela ei aktiv rolle i tilhøve som gjeld Nordsjøen og resten av Europa. Istaden for å sitja passive og venta på at Oslo skal handla ut frå nasjonale interesser, vil rådet arbeida aktivt for å leggja regionale føringar for korleis dei nasjonale initiativa skal utformast. Nordsjøkommisjonen og organisasjonen for perifere og maritime regionar er dei viktigaste politiske arenaene for regionale politikarar som ønskjer å gje Vestlandet ei politisk stemme internasjonalt, tilrår Vestlandsrådet.
   
   
SAMFERDSLEMINISTER MAGNHILD MELTVEIT KLEPPA VIL SJÅ NÆRARE PÅ ”EKSPRESSBUSS VESTLANDET”
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa sa i møte i går med Vestlandsrådet at ho likar konseptet og ideen bak satsinga ”Ekspressbuss Vestlandet”. I tillegg til å binde Vestlandet tettare og betre saman, vil ei slik satsing vere særs nyttig for reiselivet, det gjer det enklare å bu og arbeide innanfor større regionar, og sjukehus og andre offentlege tenester blir meir tilgjengelege. Ikkje minst er miljøverdien viktig, sa ho
   
   
VESTLANDSRÅDET TIL SAMFERDSLEMINISTEREN OM ”EKSPRESSBUSS VESTLANDET”
Måndag reiser leiar i Vestlandsrådet og fylkesordførar i Møre og Romsdal, Olav Bratland, til Oslo for å møte samferdselsministeren. Bakgrunnen er at Vestlandsrådet over lang tid har arbeidd med grunnlaget for å få på plass eit ekspressbuss tilbod for Vestlandet, det vil seie for strekninga Stavanger – Trondheim.
   
   
Vestlandsrådet på årsmøte i NORA
Komitémedlem i NORA –Nordatlantisk samarbeidsutval i regi av Nordisk Ministerråd – Nils R Sandal, deltek på vegne av Vestlandsrådet på årsmøte i NORA på Grønland 1 -3 juni. NORA er er eit samarbeidsutvalet mellom Island, Grønland, Færøyane, og Kyst-Noreg. På agendaen står m.a. fordeling av tilskot til felles prosjektsamarbeid innan fiskeri, maritim næring, samferdsle, reiseliv, og IKT. Ei anna utfordring på møtet vil vere å starte arbeidet med å drøfte ny strategi fram til 2015. Ei utviding av samarbeidet mot Skottland og Canada er eit av spørsmåla her.
   
   
VESTLANDSRÅDET ER UROA FAGSKOLETILBODETift
Leiar i Vestlandsrådet, Olav Bratland, skriv i eit brev til Kunnskapsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet at Vestlandsrådet ved fleire høve har teke opp spørsmålet om finansiering av fagskulane på Vestlandet. Grunnen er at rådet er sterkt uroa for at ei stykkprisfinansiering vil gi ei kraftig underfinansiering av fagskuletilboda i denne regionen. ”Dette vil vere svært uheldig for den næringslivsprofilen som gjeld for Vestlandet”, skriv Bratland.
   
   
Møte med Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen fredag 30.april 2010
Fylkesordfører Olav Bratland, leiar av Vestlandsrådet stod i spissen for ein delegasjon som tok opp den vanskelige økonomiske situasjonen torskeoppdrettsnæringa no er i med den politiske leiinga i Fiskeri- og kystdepartementet og i Nærings- og handelsdepartementet
   
   
10 mrd til tiltakspakke for verftsindustrien!
Leiar i Vestlandsrådet, Olav Bratland, er svært godt nøgd med at garantiinstituttet for eksportkreditt vert styrka med 10 milliard kroner for å kunne hjelpe den kriseramma verftsindustrien. Bratland meiner tiltakspakken som regjeringa la fram onsdag langt på veg er i tråd med dei innspela dei fire fylkesordførarane la fram på møte med statsråd Trond Giske 5 februar på hans kontor. ”Det er avgjerande viktig at ein får sikra den kompetansen som er bygt opp langs kysten vår. I motsett fall vert vi ikkje i stand til å konkurrere om nye oppdrag når situasjonen etter kvart vil normalisere seg”, presiserer Bratland.
   
   
OECD TIL VESTLANDET
22. og 23 april skal fagfolk, ekspertar og politikarar på Vestlandet møte utsende frå OECD i samband med at det skal gjennomførast ein analyse av Vestlandet og Kyst-Noreg sitt tilhøve til Island, Færøyane og Grønland.
   
   
Vestlandsrådet glade for utspel frå statsråd Giske
Olav Bratland, leiar i Vestlandsrådet og fylkesordførar i Møre og Romsdal, seier han er glad for at næringsminister Giske varslar at han i løpet av våren lovar tiltak for å hjelpe verftsnæringa. Dette er i tråd med samtalane Vestlandsrådet hadde med statsråd Giske på hans kontor fredag 5 februar 2010, konstaterer Bratland. Her la dei fire fylkesordførarane på Vestlandet, som utgjer arbeidsutvalet for Vestlandsrådet, fram eit framlegg til eit nasjonalt program for maritim miljøsatsing for verftsindustrien på Vestlandet.
   
   
Møtebok
Møteboka frå møtet i Vestlandsrådet 26. februarer no klar.
   
   
Ny giv for Vestlandsrådet – årsmeldinga klar
Ein ferjefri kyststamveg, Nasjonal Transportplan, Ekspressbussambandet, Englandsbåten og Hurtigruta er mellom dei tema som har oppteke Vestlandsrådet i året som gjekk.
   
   
Vil synleggjera Vestlandet sin maritime kapital
Vestlandet er eit av dei store kraftsentra for marin og maritim verksemd i Europa. No ønskjer Vestlandsrådet å kartleggja den maritime kapitalen til næringslivet og forskingsinstitusjonane i dei fire medlemsfylka. Målet er å framstå med ei stemme – og med langt større tyngd – i møte med EU sin maritime politikk.
   
   
Trond Ueland tilsett i stilling som sekretariatsleiar for Vestlandsrådet
Trond Ueland (49) er tilsett som sekretariatsleiar for Vestlandsrådet, som er eit politisk samarbeidsorgan mellom Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane fylkeskommune
   
   
Saksliste
Vestlandsrådet skal ha møte på SAS Bryggen hotell i Bergen 26.02. Sakslista er no lagt ut.
   
   
Prosjektstøtte i NORA
Har du eit prosjekt, og ønskjer samarbeidspartar frå Norden? Nordisk Atlantsamarbeide (NORA) gir støtte til samarbeidsprosjekt mellom Norge og dei øvrige nordatlantiske landa Grønland, Island og Færøyene. Søknadsfristen er 8. mars 2010.
   
   
Velukka møte med statsråd Giske om verftssituasjonen på Vestlandet
Statsråd Trond Giske møtte Vestlandsrådet, ved dei fire fylkesordførane og representantar frå næringslivet, om tiltak for å møte situasjonen i verftsnæringa i Noreg og på Vestlandet.
   
   
Vestlandsrådet går for trippel-vinn
Gjennom eit nasjonalt program for maritim miljøsatsing vil verftsindustrien på Vestlandet kunna nytta den svake ordresituasjonen til omstilling og førebuing til framtidig vekst. I dag skal leiarane for Vestlandsrådet presentera planane for nærings- og handelsminister Trond Giske.
   
   
Vestlandsrådet i møte med statsråd Trond Giske om verftskrisa
Dei fire fylkesordførarane på Vestlandet vil på vegne av Vestlandsrådet møte statsråd Trond Giske fredag 5 februar for å drøfte finanskrisa og konsekvensar for verftsindustrien.
   
   
Møtebok
Møteboka frå møtet i Vestlandsrådet 1. og 2. desember er no klar.
   
   
Vil motverka krise i verftsnæringa
Redusert ordretilgang i verftsindustrien som følgje av finanskrisa bør motverkast, tilrår Vestlandsrådet. Det bør innførast tiltak som kan stimulera til utvikling av miljøvenleg fartøyteknologi og til fornying av ferje-, kyst- og fiskeflåten.
   
   
Vil ha tilbake Englandsbåten
Nedlegginga av Englandsbåten har resultert i langt færre britiske overnattingsgjestar og merkbare økonomiske tap for reiselivsnæringa i Vestlandsfylka. Vestlandsrådet ønskjer å ta del i eit breidt regionalt initiativ for å få tilbake ei heilårleg båtrute frå Newcastle til Vestlandet.
   
   
Vil sikra finansieringa av nye oppdrettsartar
Vestlandsfylka skal vera internasjonalt leiande på utvikling og kommersialisering av nye marine oppdrettsartar. No vil Vestlandsrådet arbeida for å behovsretta finansieringsordningane for næringsverksemd basert på nye artar.
   
   
- Dette er Vestlandet!
Ta ein porsjon gastronomi, tilsett vitenskap, la industrien tilbereda halvfabrikatet og smak det heile til med litt lidenskap, og du har Måltidets Hus i Stavanger. Det nasjonale kompetanse- og innovasjonssenteret for mat- og måltidsnæringa var ramma kring den uformelle delen av Vestlandsrådet sitt desembermøte.
   
   
Møte i Vestlandsrådet
30. november og 1. desember er det møte i Vestlandsrådet i Stavanger. Sakslista er no klar, og kan lesast her.
   
   
Stortinget orientert om utfordringane på E39
Tredelen av innbyggjarane i Norge er avhengig av E39 Kyststamvegen. Nyleg fekk Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget ei orientering om utfordringane knytt til vegen som bind saman fem av dei største byane i landet. Vestlandsrådet, leia av fylkesordførar Nils R. Sandal, stod for orienteringa.
   
   
Ny stilling som sekretariatsleiar
Med atterhald om endeleg godkjenning skal det etablerast ei 100% fast stilling som sekretariatsleiar for Vestlandsrådet.
   
   
Challenged by demography
NORA - Nordatlatlantisk samarbeide - og som Vestlandsrådet er partnar i - arrangerer ein større Nordisk konferanse om demografiske utfordringar i Vest Norden i Alta 20 og 21 oktober 2009.
   
   
Landsdelsutvalget skriv om styrking av Vestlandsrådet
Landsdelsutvalet for Nord Norge og Nord-Trøndelag (LU) skriv at Vestlandsrådet vert revitalisert gjennom ein ny samarbeidsavtale på Vestlandet.
   
   
No kan du søke NORA støtte
Nordisk Atlantsamarbeid (NORA) inviterer til å sende inn søknadar om økonomisk støtte til samarbeidstiltak mellom Noreg og dei øvrige nordatlantiske landa Grønland, Island og Færøyene. Søknadsfristen er 5 oktober 2009.
   
   
Møteprotokoll
Møteprotokollen frå møtet 16. og 17. september er no klar
   
   
Etablerer vestnorsk tyngdepunkt for maritime næringar
Fleire av dei tyngste maritime og marine miljøa i landet har sitt opphav på Vestlandet. For å koma i inngripen med EU sin politikk på desse viktige områda har Vestlandsrådet teke initiativ til etablering av eit felles strategisk maritimt samarbeid i regionen.
   
   
Vestlandsrådet posisjonerar seg
Meir og tettare samarbeid om felles saker, og ein langt tydelegare profil i både nasjonal og internasjonal samanhang. Dette er hovudpunkta i framlegget til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet som dei fire fylkeskommunane vil få til handsaming i haust.
   
   
Presentasjonar frå møtet i Vestlandsrådet
Møtet er no i gang, og presentasjonane som vart lagt fram, er no tilgjengelege her på nettsida.
   
   
Møte i Kristiansund
Den 16. og 17. september samlast Vestlandsrådet til nytt møte. Denne gong tek det stad i Møre og Romsdal
   
   
Ny giv for Vestlandsrådet
Vestlandsrådet skal styrke den politiske delen av arbeidet. Rådet skal arbeida for å betra rammevilkåra på område som er viktige for landsdelen og medlemsfylka. Den prosjektretta innsatsen skal tonast ned.
   
   
Møteprotokoll frå møtet i Vestlandsrådet
Møteprotokollen frå møtet 26. og 27. mai er no klar.
   
   
Innlegg fellessamlinga 26. mai
Innlegga som var presenterte på fellessamlinga av fylkesutvala på vestlandet, 26. mai, er no lagt ut.
   
   
Strategidebatt i Vestlandsrådet
Dei fire vestlandsfylka har mange felles interesseområde. Strategi og framlegg til ny samarbeidsavtale står på dagsorden når fylkesutvala i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal samlast til fellesmøte i Bergen 26. og 27. mai.
   
   
Møte i Vestlandsrådet 27. mai
Nasjonal medfinansiering Nordatlantisk samarbeid i regi av Nordisk Ministerråd - NORA, er på dagsorden når Vestlandsrådet no møtes i Bergen.
   
   
Vestlandsrådet samla seg fredag i Bergen
Det var møte i Vestlandsrådet fredag 24. april. Møteprotkollen kan du no finna på heimesida vår.
   
   
Samla til Stortinget for E39
Fylkesordførarane i de fire vestlandsfylka dreg i samla flokk til Stortinget 11. mai for å argumentera for Kyststamvegen E39. Fylkestingspolitikarane vil nytta høvet til også å tala varmt for framtidsvisjonen om ein ferjefri E39.
   
   
Møte i Florø - innlegg
Innlegga som vart presentert på møtet i Florø ligg no på nett.
   
   
Presentasjonar 17. september