Søkeresultat på

-


Loading...

Vestlandsrådet vart etablert i 2003 og er eit politisk samarbeidsråd mellom dei fire fylkeskommunane, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Vestlandsrådet består av 20 medlemmer, fem frå kvar fylkeskommune. Det er i tillegg etablert eit eige arbeidsutval - AU - der dei fire fylkesordførarane deltek. Rådet har eit særleg ansvar for politisk sentrale og strategiske saker på Vestlandet.