Søkeresultat på

-


Loading...

Om Vestlandsrådet

Vestlandsrådet vart etablert i 2003 og er eit politisk samarbeidsråd for fylkeskommunane på Vestlandet. Samarbeidet er etablert av dei fire fylkeskommunane, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, med heimel i Kommunelova §27.

Leiar av Vestlandsrådet 2017:
Jenny Følling, fylkesordførar Sogn og Fjordane fylkeskommune
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Medlemmar i Vestlandsrådet 2017

Vesltandsrådet sitt arbeidsutval

Dei fire fylkeskommunane på Vestlandet skal gjennom Vestlandsrådet:

  • styrkje landsdelen, både nasjonalt og internasjonalt
  • koordinere den politiske innsatsen til beste for landsdelen innanfor definerte satsingsområde og utvikle effektive tenester på tvers av fylkesgrensene
  • fremje andre politiske saker av felles interesse
  • aktivt påverke rammevilkår for landsdelen og medlemsfylka
  • skape samhandlingsarenaer på Vestlandet
  • ta initiativ til samarbeidsprosjekt på tvers av fylkesgrensene


Sjølve Vestlandsrådet består av 20 medlemmer, fem frå kvar fylkeskommune. Rådet møtest tre gonger i året. Leiarvervet går på omgang for eit år av gangen mellom fylkesordførarane. I tillegg til rådet er det skipa eit eige arbeidsutval (AU) med dei fire fylkesordførarane frå Vestlandet. AU skal m.a. vere eit organ som set den politisk dagsorden, som avklarar kva saker ein skal arbeide med mellom møta og vera eit bereidskapsorgan som skal syta for å taka opp aktuelle saker.

Sekretariatet for Vestlandsrådet følgjer leiarvervet og går på omgang mellom fylka.

Samarbeid om politiske saker
Rådet har eit særleg ansvar for politisk sentrale og strategiske saker på Vestlandet. Arbeid med E39, Nasjonal Transport Plan, ferjefri kyststamveg, rassikring, Stad skipstunnel, hamner med internasjonal standard og riksvegferjer med universell utforming har vore viktige samferdslepolitiske saker. Andre saker er å utvikle og kommersialisere nye opprettsartar på Vestlandet, trygge dei tekniske fagskulane og sikre at ein har relevant fagmiljø og fagarbeidarar i framtida, spele ei viktig rolle med omsyn til forvaltning av oppdrettskonsesjonar.

Vestlandsrådet ønskjer også å vere ei tydeleg stemme i forhold til EU og det internasjonale samfunn. Både fråsegn om Sellafield, om ny forvaltningsplan for Nordsjøen, innspel til EU sin fiskeripolitikk, kommentarar til EU sin 2020 strategi har vore drøfta og handsama i rådet. Vestlandet har elles sentrale posisjonar gjennom kvar einskild fylkeskommune både i North Sea Commission, og CPMR (Conference of Peripheral Maritime Regions) som er ein lobbyorganisasjon overfor EU.

Vegen vidare
Etter forvaltningsreforma og drøftingar om etablering av eigne regionar i Noreg, har Vestlandsrådet tatt nye grep og nyleg vedteke ein ny strategi. Her skisserer Vestlandsrådet seks nye satsingsområde for samarbeidet:

  • Internasjonalt arbeid
  • Samferdsle
  • Innovasjon og næringsutvikling
  • Kystressursforvaltning
  • Marin og maritim verdiskaping
  • Energi og miljø
  • Kultur


Nye saker om Nordsjøstrategi i regi av EU, ny petroleumsmelding, framleis høgt fokus på E39 Kyststamvegen, rassikring, auka kulturpolitisk handlingsrom på Vestlandet, bygging av eit tettare marint og maritimt politisk partnarskap på Vestlandet, vil vere nokre av mange viktige saker i framtida.