Vestlandsrådet vart etablert i 2003 og er eit politisk samarbeidsråd for fylkeskommunane på Vestlandet. Samarbeidet er oppretta med heimel i Kommunelova §27 og er etablert av dei fire fylkeskommunane, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Dei fire fylkeskommunane på Vestlandet skal gjennom Vestlandsrådet:
Sjølve Vestlandsrådet består av 20 medlemmer, fem frå kvar fylkeskommune. Rådet møtest fire gonger i året og er lagt opp slik at ein årleg har eit møte i kvart fylke. Leiarvervet går på omgang for eit år av gangen mellom fylkesordførarane. I tillegg til rådet er det skipa eit eige arbeidsutval (A) med dei fire fylkesordførarane på Vestlandet. AU skal m.a. vere eit organ som set den politisk dagsorden og som avklarar kva saker ein skal arbeide med mellom møta og kva saker som skal takast opp i neste møte.
Frå våren 2010 er det etablert eit eige fast sekretariat for rådet. Sekretariatet er lokalisert til Førde.
Samarbeid om politiske saker
Rådet har eit særleg ansvar for politisk sentrale og strategiske saker på Vestlandet. Arbeid med E39, Nasjonal Transport Plan, ferjefri kyststamveg, rassikring, Stad skipstunnel, hamner med internasjonal standard og riksvegferjer med universell utforming har vore viktige samferdslepolitiske saker. Andre saker er å utvikle og kommersialisere nye opprettsartar på Vestlandet, sikre verftsindustrien, trygge dei tekniske fagskulane og sikre at ein har relevant fagmiljø og fagarbeidarar i framtida, spele ei viktig rolle med omsyn til forvaltning av oppdrettskonsesjonar, sikre gode rammevilkår for Kystruta (Hurtigruta), og å spele ei aktiv rolle for å få ei ny båtrute mellom Vestlandet og Newcastle.
Vestlandsrådet ønskjer også å vere ei tydeleg stemme i forhold til EU og det internasjonale samfunn. Både fråsegn om Sellafield, om ny forvaltningsplan for Nordsjøen, innspel til EU sin fiskeripolitikk, kommentarar til EU sin 2020 strategi har vore drøfta og handsama i rådet. Vestlandet har elles sentrale posisjonar gjennom kvar einskild fylkeskommune både i North Sea Commission, og CPMR (Conference of Peripheral Maritime Regions) som er ein lobbyorganisasjon overfor EU.
Vegen vidare
Etter forvaltningsreforma og drøftingar om etablering av eigne regionar i Noreg, har Vestlandsrådet tatt nye grep og nyleg vedteke ein ny strategi. Her skisserer Vestlandsrådet seks nye satsingsområde for samarbeidet:
Nye saker om Nordsjøstrategi i regi av EU, ny petroleumsmelding, framleis høgt fokus på E39 Kyststamvegen, rassikring, auka kulturpolitisk handlingsrom på Vestlandet, bygging av eit tettare marint og maritimt politisk partnarskap på Vestlandet, vil vere nokre av mange viktige saker i framtida.