Den nye plattforma for Vestlandsrådet vart vedteken i Vestlandsrådet i Bergen 26 februar 2010 og byggjer på ein ny samarbeidsavtale mellom dei fire fylkeskommunane. Arbeidet med avtalen skriv seg igjen frå eit fellesmøte mellom fylkesutvala i dei fire fylkeskommunane og Vestlandsrådet våren 2009 og har vore oppe til handsaming i fylkestinga i dei fire fylkeskommunane før endeleg handsaming i Vestlandsrådet.
Den plattforma vi no presenterer vil bli revidert første gong etter at Vestlandsrådet har fått nye medlemmer etter kommune- og fylkestingvalet i 2011. Deretter tek ein sikte på å revidere plattforma ved starten av kvar valperiode.
Satsingsområde
Vestlandsrådet har vedteke følgjande seks satsingsområde for samarbeidet:
o Internasjonalt arbeid
o Samferdsle
o Innovasjon og næringsutvikling
o Kystressursforvaltning ? marin og maritim verdiskaping
o Energi, miljø og klima
o Kultur
Internasjonalt arbeid
Vestlandet er internasjonalt orientert. Verdiskapinga i Vest-Noreg er vesentleg for landet si valutainntening. Kulturelt og historisk er det tette band til nordiske granneland og til nærområda rundt Nordsjøen.
Regionane i Europa gjennomfører i aukande grad utviklingsoppgåver saman på tvers av landegrenser gjennom europeiske program. Vestlandsrådet er aktiv i dette arbeidet. Kvart av medlemsfylka har eit breitt internasjonalt engasjement og har eit samarbeid der dette er naturleg.
Ved å samordne engasjementet vil Vestlandet ha større tyngde i høve resten av Europa. Vestlandet vil også framstå som meir interessant samarbeidspartnar ved å stå samla. Særleg er det viktig å arbeide saman knytt til dei store felles utfordringane i Nordsjøområdet.
Vi vil:
? Styrke regionane si stilling innan EU samarbeidet
? Etablere tettare samarbeid i Norden
? Aktivt styrka den politisk deltakinga i internasjonale organisasjonar og stå samla i internasjonale fora
? Hevde Vestlandet sine interesser og påverke nasjonale styresmakter
Samferdsle
Gode kommunikasjonar er ein kritisk faktor for å sikre konkurransekraft og høg verdiskaping på heile Vestlandet. Betring av kommunikasjonane er sentralt også for å gjere landsdelen meir attraktiv å busette seg i. Det må difor leggjast opp til effektive transportløysingar både internt på Vestlandet og mot resten av landet og mot utlandet. I tråd med forvaltningsreforma og fordelinga av ansvar for samferdsle der fylkeskommunane i dag har ansvaret for 80% av vegnettet, må Vestlandsrådet likevel ha eit særleg fokus på å sikre naudsynte ressursar til stamvegar og staten sitt ansvar for samferdsleføremål i landsdelen. Fylkeskommunane må elles sjølv få ansvar for å bestemme bompengeprosjekt i framtida, ikkje som i dag der dette vert avgjort i Stortinget.
Vi vil:
? Aktivt følgje opp transportplanen for Vestlandet
? Følgje opp Nasjonal transportplan og ivareta Vestlandet sine interesser i arbeidet med planen og i samband med oppfølging av planen
? Politisk påverke statlege løyvingar og prioriteringar i høve:
- E39 kyststamvegen
- Rassikring
- Ferjeavløysingsprosjekt ? (på tilsvarande måte som det no vert opna for 30-årsperiode for bruk av reduserte ferjesubsidiar i samband med ferjeavløysingsprosjekt, bør det opnast for ein tilsvarande bompengeperiode på denne typen prosjekt)
- Vedlikehald/etterslep ? naudsynt med statlege midlar for å sikre etterslep på vegar som fylkeskommunane har teke over
- Ferjer ? stamvegferjer
- Breiband, fiber og mobiltelefoni ? gjeld utbygging av infrastruktur
Innovasjon og næringsutvikling
For næringslivet er det viktig med rammevilkår som gjer dei konkurransedyktige både nasjonalt og internasjonalt. Rammevilkåra må vere slik at det er attraktivt for norske bedrifter å bli i landsdelen og for utanlandske selskap å etablere seg her. Vestlandsrådet skal aktivt påverke rammevilkåra for dei viktigaste næringane i landsdelen.
Vi vil:
? Politisk påverke innretning, rammevilkår og regional medinnflytelse i høve verkemiddelaktørane: SIVA, NFR og IN
? Arbeide for utflytting av statlege institusjonar og arbeidsplassar til regionen
? Vestlandsrådet vil ha eit særleg fokus på fagskulane og vere med å sikre ein fordelingsnøkkel som tar omsyn til dei faktiske behova for finansiering slik at fagskulane framleis kan vere ein sentral kompetansetilbydar saman med regionalt næringsliv
Kystressursforvaltning ? marin og maritim verdiskaping
Vestlandsrådet skal arbeide for å sikre ei god og berekraftig utvikling i kyst- og havområda på Vestlandet.
Marine og maritime næringar er sentrale næringar for Vestlandet. Det vil vere viktig å gjere desse konkurransedyktige både nasjonalt og internasjonalt.
Vi vil:
? Invitere relevante partar til å delta i eit strategisk marine- og maritimt partnarskap på Vestlandet med ansvar for å marknadsføre, synleggjere og påverke sentrale og internasjonale styresmakter
? Politisk påverke og prioritere:
- Forvaltningsplanen for Nordsjøen
- Etablering av ein Nordsjøstrategi i regi av EU
- Beredskap, ureining og utslepp lang kysten vår
- Regionale tiltak for klimatilpassing innanfor området
- Rammevilkåra for kystressursane
Energi, klima og miljø
Reduksjon av klimagassutslepp og tilpassing til forventa klimaendringar er vår tids store utfordring. Vestlandsrådet tek sikte på å bidra til at aktuelle tiltak vert samordna og at det vert utvikla og lagt til rette for ny fornybar energi. .
Vi vil:
? Utvikle, profilere, posisjonere og påverke rammevilkåra for energiregionen Vestlandet:
- Naturgass ? transport og industrielt
- CO2 lagring
- Fornybar energi ? særleg vindkraft og vasskraft
? Koordinere den politiske innsatsen i høve felles miljøutfordringar:
- Forvaltning av miljøfeltet og strandsona
- Styrke kompetanse -/FOU-miljøa innan energi, klima og skred på Vestlandet
? Revisjon av energilova særleg med omsyn til kraftprisregimet
Kultur
Vestlandsrådet skal arbeide for å etablere ein eigen sjølvstendig regional kulturpolitikk i samarbeid mellom fylkeskommunane på Vestlandet.
Vestlandsrådet vil også arbeide for å etablere nye og spanande kulturtiltak og institusjonar på Vestlandet.
Vi vil:
? Politisk motverke ei sentralisering av kulturpolitikken
? Politisk arbeide for å få fleire større kultursatsingar til regionane
? Arbeide for FOU-/kompetanseutvikling innan kulturfeltet