Tilbake til forsiden
 

Odd Erik Hansgaard blir ny sekretariatsleiar for Vestlandsrådet etter Trond Ueland, som gjekk av ved årsskiftet.

?Eg ser fram til å ta fatt i alle dei spanande oppgåvene som Vestlandsrådet har løfta fram, seier Hansgaard. Vestlandet er den del av Noreg med flest moglegheiter for utvikling av eit variert næringsliv og gode offentlige verksemder. Gjennom effektiv infrastruktur og tettare samarbeid kan muligheitene realiserast.

Odd Erik Hansgaard er 62 år, og er utdanna som cand. polit. med hovudfag i sosialøkonomi. Han har hatt ei rekkje jobbar innan næringsliv, offentleg forvalting og forsking. Han kjem frå stilling som seniorrådgjevar i Det norske Oljeselskap ASA

Han har hatt ei rekkje styreverv og politiske verv. For tida er han 1. vara i Stavanger bystyre (AP), og medlem kommmunalstyret for Byutvikling. Tidlegare har han m.a. vore medlem av fylkestinget i Rogaland, samt statssekretær i olje- og energidepartementet.

Sekretariatsleiaren er dagleg leiar for sekretariatet for Vestlandsrådet, og skal førebu og følgje opp saker for Vestlandsrådet.

Han tiltrer i stillinga 1. februar. Kontorstad vil vere Stavanger.

Vestlandsrådet er eit formelt samarbeidsråd på Vestlandet oppretta av fylkeskommunane Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Vestlandsrådet skal mellom anna styrke landsdelen både nasjonalt og internasjonalt, koordinere den politiske innsatsen til beste for landsdelen innanfor definerte satsingsområde og fremje andre politiske saker av felles interesse.


For meir informasjon:
Tom-Christer Nilsen, leiar av Vestlandsrådet, tlf 55 23 90 11 / 924 50 196.
 







Vestlandsrådet skal styrke landsdelen, koordinere den politisk innsatsen til beste for landsdelen, fremje andre felles politiske saker, aktivt påverke rammevilkår, skape samhandlingsarenaer og ta initiativ til samarbeidsprosjekt.
Kontakt Vestlandsrådet
Storehagen 1B – Postboks 173
6801 FØRDE
Telefon (+47) 91 33 74 10
E-post: trond.ueland@sfj.no
Logg inn