Iver Jan Leren, er tilsett som prosjektleiar for oppfølging av Vestlandsrådet sin næringsstrategi. Han er opprinneleg frå Kristiansund, men har arbeidd og vore busett i Stavanger siden 1985.
Siden 1994 har han arbeidd i Rogaland fylkeskommune, dei første årene i opplæringsavdelinga med fagopplæring som ansvarsområde. Han har og hatt eit toårig engasjement i Utdanningsdirektoratet.
Var med å starte karrieresentre i fylket, før han starta opp med oppgåver innanfor fylkeskommunen sitt internasjonale engasjement. Har har arbeidd med EU-prosjekter som prosjektleiar siden 2010. Det første prosjektet leverte energieffektive løysninger i bygg i Ungarn og Baskerland i Spania. Siste prosjekt har levert verdens første batteridrevne hurtigbåt, «Medstraum» går i rute i Stavangerområdet i dag. Iver Jan har vore knytt til næringsseksjonen i Rogaland fylkeskommune siden 2012 og kjenner godt til næringslivet i fylket. Han har og vore medlem av Fjord Norge AS sitt styre i to år.