Vestlandsrådet arrangerte eit vellykka møte under Arendalsuka, der fokus var kompetansebehovet knytt til den kommande havvindutbyggingen. Fellesnemnar for arrangementet var eit stort kompetansebehov, og at det må satsast målretta for å utdanne og rekruttere framtidig arbeidskraft til næringa.
Arrangementet hadde eit godt oppmøte med over 100 personer samla i Bakre Baner på S/S Statsråd Lehmkuhl tirsdag morgen, 15.august kl 10.00.
Programmet engasjerte forsamlingen i nesten to timer, der kompetansebehovet i industrien vart belyst, og utfordringen utdanningssektoren har med å «svare på bestillingen».
Opplæringsdirektør i Rogaland fylkeskommune, Eiliv Fougner Janssen, omtalte Rogaland som eit fylke med ungdomar som gjerne vil gå i lære, men møter samstundes på den klassiske utfordringen.....kor skal elevane ha læreplassane?” Rogaland er det eineste fylket som har opplæring av vindmølleoperatørar, som er ei vidare opplæring av energimontørar. Frank Emil Moen fra det Egersundbaserte selskapet Energy Innovation, oppfordra næringen og bedriftene om å ta inn lærlingane fra vidaregåande skule.
Fra industrien var det eit tydeleg ønske om å få fleire unge til bransjen. Både Kongsberg Maritime, Vårgrønn, Eviny og Wind Catching System var klare i sine tilbakemeldingar på dette. Det er eit stort behov for kompetanse, men også etterkvart også kapasitet med hender og hoder, for å legge til rette for eit norsk havvindeventyr.
Klaus Mohn, Universitetet i Stavanger og Øyvind Midtbø Berge, Høgskulen på Vestlandet, peikte på at studentane må oppleve at arbeidsplassane er sikre og at lønna er konkurransedyktig. Ungdommen søker seg ikkje til studier, kun fordi dei er målretta og spesialiserte. Innleiarane påpeikte at omskolering av kompetanse fra andre energisektorer kan bidra til rett kompetanse og arbeidskraft til havvindnæringen.
Fylkesordførarane fra Møre og Romsdal og Vestland, og fylkesvaraordfører frå Rogaland deltok i ein paneldebatt etter møte. Her vart det konkludert med at fylkeskommunane skal gjere sin jobb, men at næringen må bidra til å gjere yrka og arbeidsplassane attraktive.