Søkeresultat på

-


Loading...

Plattform for Vestlandsrådet

Vedteke 21. juni 2019

Vestlandsrådet er danna for å utgjera ei politisk kraft som er sterkare enn den dei deltakande fylkeskommunane har kvar for seg.

Fylka på Vestlandet har mange felles utfordringar. Vi kan oppnå meir gjennom å samle kreftene for å utvikle Vestlandet og for å løyse våre felles utfordringar.

Fylka på Vestlandet har eit framtidsretta næringsliv basert på ressursane i havet og stor aktivitet langs kysten. Vi har bysentra som viser stor vekstkraft og som er viktige for omliggjande kommunar. Store område på Vestlandet er likevel prega av stagnasjon. Naturen gir oss mulegheiter, men utgjer også hindringar for å få effektive samband, t.d. nord-sør. Vestlandsrådet skal heile tida vere merksame på politiske prosessar som gjeld rammevilkåra for utvikling på Vestlandet, og vi må sikre handlingsrom til å gjere det viktige og det riktige regionalt.

Dei fire fylkeskommunane på Vestlandet skal gjennom arbeidet i Vestlandsrådet:

·      Styrke landsdelen, både nasjonalt og internasjonalt

·      Koordinere den politiske innsatsen til beste for landsdelen

·      Fremme politiske saker av felles interesse

·      Aktivt påverke rammevilkår for landsdelen og medlemsfylka

·      Skape samhandlingsarenaer på Vestlandet

·      Ta initiativ til samarbeidsprosjekt på tvers av fylkesgrensene

Storbyane Bergen og Stavanger får tilbod om observatørstatus i Vestlandsrådet med møte- og talerett. Vestlandsrådet skal finne ei form og ein innretning på sitt arbeid som gjev storbyane ein vinst ved å delta aktivt inn mot Vestlandsrådet.

Vestlandsrådet har særleg innanfor følgjande saksområde ambisjonar om å påverke samfunnsutviklinga på Vestlandet:

 

1. SAMFERDSLE

Gode kommunikasjonar er ein kritisk faktor for å sikre konkurransekraft og høg verdiskaping i dei fire vestlandsfylka. Betring av kommunikasjonane er sentralt også for å gjere landsdelen meir attraktiv å busette seg i.

Vestlandsrådet vil difor arbeide for effektive og klimavenlege transportløysingar både internt på Vestlandet og mot resten av landet og mot utlandet.

Vestlandsrådet rettar innan samferdsle sitt hovudfokus mot:

·      Ferjefri og opprusta E39 Kristiansand-Trondheim: Oppfølging og vidare arbeid.

·      Kostnadsutviklinga for fylkesvegferjene.

·      Forfallet på vegnettet og å ta att vedlikehaldsetterslepet på viktige vegstrekningar. Vestlandsrådet legg særleg vekt på å syte for tilstrekkelege økonomiske rammer til prioriterte prosjekt, m.a. gjennom felles innspel til Nasjonal transportplan (NTP).

·      Auka statleg satsing på ras-sikring. Rasfaren er ei stor utfordring på vestlandsvegane. Gjennom dagens øyremerka tilskot må staten styrke ras-sikringa i tråd med det samla ras-sikringsbehovet, og støtte den nasjonale ras-sikringsgruppa i kravet om at all offentleg veg skal vere ras-sikra innan 2030.

·      Vestlandsrådet peikar ut medlemer til det nasjonale ras-sikringsutvalet.

·      Utsleppsfri transport

·      Grenseoverskridande billetteringssystem på Vestlandet

·      Felles autopassordningar for ferjer og bomstasjonar

 

2. FELLESPROSJEKT MELLOM DEI FIRE FYLKESKOMMUNANE

Vestlandsrådet skal fremje politiske fellesprosjekt som det særleg skal arbeidast med på ein systematisk måte for å bidra til politikkutforming, til å fremje utvikling på Vestlandet og å setje sentrale saker på dagsorden. Vestlandsrådet skal prioritere følgjande fellesprosjekt:

 

·      Infrastruktur- og nettutvikling innanfor energisektoren

·      Statlege arbeidsplassar på Vestlandet (lokalisering og Vestlandet sin relative del)

·      Vekstmulegheiter, utfordringar og rammevilkår innanfor marine næringar

·      Næringsretta FoU-arbeid og utdanningstilbod

·      Reiseliv

·      Prosjekt innan klima og miljø

 

3. POLITISK BEREDSKAP

Vestlandsrådet skal særleg gjennom AU ha ein politisk beredskap for å følgje opp saker som er sentrale for utvikling av Vestlandet. Dette inneber å nytte nettverk og informasjonskanalar aktivt for å fange opp viktige politiske signal og prosessar som er av særleg interesse for eitt eller fleire av Vestlandsfylka. , og der det er naturleg å følgje dette opp politisk gjennom uttaler, politisk påverknad og gjennom å følgje opp gjennom nye tiltak og prosjekt. Vestlandsrådet skal og ta initiativ til fellesmøte med representantar frå regjeringa og Stortinget.

 

5. INTERNASJONALT ARBEID Vestlandsrådet styrkar den politiske deltakinga og koordineringa i organisasjonane The Conference of Peripheral Maritime Regions (CPMR) og North Sea Commission (NSC). Vestlandsrådet skal vere aktiv i den politiske diskusjonen i saker relatert til Nordsjøregionen, og sikre gode kommunikasjonskanalar inn mot relevante norske departement.