Om Vestlandsrådet Politisk plattform 2020-2023

Vedteke i Vestlandsrådet 11.11.2020


Vestlandsrådet er danna for å styrke landsdelen, både nasjonalt og internasjonalt, og utgjer ei politisk kraft som er sterkare enn den dei deltakande fylkeskommunane er kvar for seg. Fylka på Vestlandet har mange felles muligheiter og utfordringar. Vi kan oppnå meir gjennom å samle kreftene for å utvikle Vestlandet, for å utnytte felles muligheiter og for å løyse våre felles utfordringar.

Fylka på Vestlandet har eit framtidsretta næringsliv basert på ressursane i havet og stor aktivitet langs kysten. Vi har bysentra som viser stor vekstkraft og som er viktige for omliggjande kommunar. Store område på Vestlandet er likevel prega av tilbakegang i folketal og sysselsetting. Naturen gir oss mulegheiter, men utgjer også hindringar for å få effektive samband, t.d. nord-sør. Vestlandsrådet skal heile tida vere merksame på politiske prosessar som gjeld rammevilkåra for utvikling på Vestlandet, og vi må sikre handlingsrom til å gjere det viktige og det riktige regionalt.

Dei tre fylkeskommunane på Vestlandet skal gjennom arbeidet i Vestlandsrådet:

• Koordinere den politiske innsatsen til beste for landsdelen

• Fremme politiske saker av felles interesse

• Aktivt påverke rammevilkår for landsdelen og medlemsfylka

• Skape samhandlingsarenaer på Vestlandet

• Ta initiativ til samarbeidsprosjekt på tvers av fylkesgrensene

• Støtte tiltak som fremjar felles identitet og kultur

• Ha ei aktiv rolle i å koordinere saker relatert til Nordsjøregionen som har betydning for Vestlandet

Vestlandsrådet er eit konsensusorgan og skal så langt råd fremje politiske fellesprosjekt som det særleg skal arbeidast med på ein systematisk måte for å bidra til politikkutforming, til å fremje utvikling på Vestlandet og å setje sentrale saker på dagsorden.

Vestlandsrådet skal særleg gjennom AU ha ein politisk beredskap for å følgje opp saker som er sentrale for utvikling av Vestlandet. Dette inneber å nytte nettverk og informasjonskanalar aktivt for å fange opp viktige politiske signal og prosessar som er av særleg interesse for eitt eller fleire av Vestlandsfylka, og der det er naturleg å følgje dette opp politisk gjennom uttaler, politisk påverknad og gjennom å følgje opp gjennom nye tiltak og prosjekt. Vestlandsrådet skal og ta initiativ til fellesmøte med representantar frå regjeringa og Stortinget.

Dei største byane i kvart fylke, Bergen, Stavanger og Ålesund får tilbod om observatørstatus i Vestlandsrådet med møte- og talerett. Vestlandsrådet skal finne ei form og ein innretning på sitt arbeid som gjev storbyane ein vinst ved å delta aktivt inn mot Vestlandsrådet.

Vestlandsrådet skal aktivt koordinere aktuelle politiske spørsmål og saker relatert til Nordsjøregionen, og ivareta Vestlandet sine interesser i arbeidet med forvaltingsplanar for Nordsjøen og Norskehavet gjennom engasjementet i samarbeidsorganisasjonen NORA.

Vestlandsrådet har særleg innanfor følgjande saksområde ambisjonar om å påverke samfunnsutviklinga på Vestlandet:

1. VERDISKAPING OG SYSSELSETTING

Vestlandet er eit av europas mest ressursrike områder og Norges skattkammer. Både gjennom olje-og gassutvinninga og øvrig eksportretta næringsverksemd bidreg Vestlandet til betydelege inntekter til nasjonaløkonomien. Landsdelen har store muligheter for vidare utvikling og innovasjon, men også utfordringar med omstilling og etablering av nye næringar når aktiviteten i olje- og gassverksemda gradvis vert lågare.

Vestlandsrådet vil innrette sitt arbeid innanfor verdiskaping og sysselsetting mot;

• Det blå skiftet - utvikling og innovasjon innanfor marin og maritim næring

• Det grønne skiftet – innovasjon og teknologiutvikling i næringslivet, inkludert utvikling av nye energikjelder som hydrogen og havvind

• Reiselivsskiftet – turisme og opplevingar med minst mogeleg miljø- og klimaavtrykk

2. SAMFERDSLE OG KOMMUNIKASJONAR

Gode kommunikasjonar er ein kritisk faktor for å sikre konkurransekraft og høg verdiskaping i dei tre vestlandsfylka. Betring av kommunikasjonane er sentralt også for å gjere landsdelen meir attraktiv å busette seg i.

Vestlandsrådet vil difor arbeide for effektive og klimavenlege transportløysingar både internt på Vestlandet og mot resten av landet og mot utlandet.

Vestlandsrådet rettar innan samferdsle sitt hovudfokus mot:

• Nasjonal satsing og prioritering av ferjefri og opprusta E39 Kristiansand-Trondheim som hovedsamband nord-sør på Vestlandet.

• Styrka finansiering av ferjedrifta, inkludert kompensasjonsordning for modernisering og utsleppsreduksjon i ferje- og snøggbåtdrifta.

• Sikre økonomiske rammer til å ta att vedlikehaldsetterslepet og innfri tunnelsikkerheitsforskrifta på fylkesvegnettet.

• Auka statleg satsing på rassikring. Rasfaren er ei stor utfordring på vestlandsvegane, og all offentleg veg må vere rassikra innan 2030.

• Styrke rammevilkåra for godstransport med nærskipsfart langs hamner på Vestlandet.

• Medverke til utvikling av FOT-rutene og arbeide for ein nullutslepps luftfart.

Samarbeidsavtale

Gjeld frå 1. januar 2020, med endringar vedteke 19. januar 2022

§ 1 Generelt

Vestlandsrådet er eit politisk samarbeidsorgan for fylkeskommunane på Vestlandet. Navnet på rådet er Vestlandsrådet interkommunalt politisk råd.

Samarbeidet er oppretta av og vert drive av Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.

Vestlandsrådet er oppretta i medhald av kapitel 18 i kommunelova. Kommunelova og anna relevant regelverk som gjeld for fylkeskommunane gjeld og for alt arbeid knytta til rådet.

Vestlandsrådet er ikkje ei sjølvstendig juridisk eining.

Mandatet til Vestlandsrådet er regulert gjennom denne samarbeidsavtalen og ved overført mynde frå fylkestinga i dei deltakande fylkeskommunane.

Samarbeidsavtalen legg vekt på det politiske samarbeidet og skal styrke den politiske leiarskapen i rådet.

Arbeidet i Vestlandsrådet skal byggje på rausheit, respekt for kvarande sine særpreg og ei positiv innstilling til samarbeid.

Medlemsfylka pliktar å setta av administrative ressursar for å følga opp dei vedtaka Vestlandsrådet gjer.

Samarbeid om enkeltprosjekt skal som hovudregel gjennomførast i regi av to eller fleire av medlemsfylka.

I tillegg til det som er regulert gjennom samarbeidsavtalen, er fylka samde om følgjande køyrereglar for samarbeidet:

  • Medlemsfylka forpliktar seg til å informere rådet om saker som kan vere av felles interesse.
  • Medlemsfylka skal vere opne for samarbeid med andre fylke utanom Vestlandsrådet i saker der dette fell naturleg.

§ 2 Føremål

Dei tre fylkeskommunane på Vestlandet skal gjennom Vestlandsrådet:

• styrke landsdelen, både nasjonalt og internasjonalt

• koordinere den politiske innsatsen til beste for landsdelen innanfor definerte satsingsområde

• fremje andre politiske saker av felles interesse • aktivt påverke rammevilkår for landsdelen og medlemsfylka

• skape samhandlingsarenaer på Vestlandet

• ta initiativ til samarbeidsprosjekt på tvers av fylkesgrensene

§ 3 Samansetting

Vestlandsrådet har 6 medlemer med varamedlemer frå kvar av dei tre deltakande fylkeskommunane. Desse vert valde for valperioden av og frå fylkestinget sine medlemer. Fylkesordførar og fylkesvaraordførar skal vera medlem av rådet.

Den einskilde fylkeskommune har høve til å skifta ut medlemer og varamedlemer i løpet av valperioden. Nyval skjer då for resten av perioden.

Vestlandsrådets medlemer er representantskap etter § 18-3 i kommunelova.

Storbyane Bergen, Stavanger og Ålesund har høve til å møta som observatørar med talerett.

§ 4 Leiing

Leiarvervet skal alternera mellom fylkesordførarane i dei deltakande fylkeskommunane med periodar på eitt år om gangen.

Rådet kan avvike dette dersom det er særlege grunnar, t.d. for å tilpasse leiarskapen fylkestingsval. Fylkesordføraren i neste leiarskapsfylke er nestleiar for rådet.

§ 5 Arbeidsutval

Dei tre fylkesordførarane er arbeidsutval (AU) for rådet.

AU skal vera eit organ som set den politiske dagsorden og som tek avgjerd i saker mellom møta der dette er nødvendig.

Rådet kan delegera til AU å fatta vedtak.

Møta i AU kan haldast via telefon/videokonferanse dersom det ikkje er høveleg å møtast fysisk.

§ 6 Sekretariat

Fylkesdirektøren i den fylkeskommunen som til ei kvar tid har leiarvervet

• har innstillingsrett til rådet

• har ansvaret for sekretærfunksjonen

• koordinerer det administrative og saksførebuande arbeidet

• koordinerer i samarbeid med dei andre fylkeskommunane arbeidet med prosjekt som er sett i gang av Vestlandsrådet

• har arkivansvar

§ 7 Møter i Vestlandsrådet

Det vert normalt halde minst tre møte i året. Møta skal så langt råd er fordelast på dei tre samarbeidande fylka. Når AU finn det tenleg, kan eit møte leggast til andre stader.

Leiaren i rådet kallar inn til møte til dei tidspunkt rådet eller AU sjølv har fastsett. Elles vert møte halde når leiaren eller minst ¼ av medlemene i rådet krev det.

Leiaren set opp sakliste for det einskilde møtet. Saklista og andre dokument skal vera tilgjengeleg får ålmenta, med mindre dei er unnateke offentleggjering.

Innkalling med link til sakliste og saksdokument skal som hovudregel sendast rådsmedlemene minst ei veke før møtet.

Møta i rådet er opne, om ikkje anna følgjer av lovfesta teieplikt eller andre reglar gjevne i eller i medhald av lov.

Rådet gjer vedtak i møte. Det skal førast møtebok over forhandlingane.

§ 8 Økonomi – budsjett - rekneskap

Dei tre fylkeskommunane yter ein like stor sum kvar til drifta av rådet. Storleiken vert handsama på siste møte før budsjettåret. (For 2020, kr 600.000,-)

Eigne driftsutgifter til deltaking i rådet vert dekka av kvar einskild fylkeskommune.

Leiarskapet i rådet vert dekka av den fylkeskommunen som har leiarskapen det året.

Rådet skal ha eit eige budsjett til dekking av andre typar driftsutgifter til rådet av felles interesse for dei deltakande fylkeskommunane. Rådet skal sjølv gjere framlegg om dette. Kvar av fylkeskommunane skal dekka 1/3 av desse utgiftene. Budsjettet vert handsama på første møtet i året.

Utgifter til einskildprosjekt vert fordelte i høve til kvar fylkeskommune sine interesser og deltaking.

Rekneskapen vert ført og revidert av den fylkeskommunen som har leiarskapen/ sekretariatet.

Kvar fylkeskommune har ubegrensa ansvar for sin andel av rådet sine forpliktelsar.

§ 9 Endring av samarbeidsavtale

Endringar i denne samarbeidsavtalen som er dekka av § 18-4, fjerde ledd i kommunelova må vedtakast av fylkestinga i alle dei deltakande fylkeskommunane. Vestlandsrådet skal uttala seg på førehand.

Andre endringar kan vedtas av rådet sjølv med 2/3 fleirtal, jfr § 18-4, tredje ledd.

§ 10 Oppseiing/opphør av samarbeidet

Fylkestinget i eitt av dei samarbeidande fylka kan vedta at denne fylkeskommunen skal gå ut av samarbeidet i rådet med 1 – eitt års oppseiingsfrist før neste kommuneval.

Vestlandsrådet er å sjå på som oppløyst når minst to av dei tre samarbeidande fylka har trekt seg ut.