Vestlandsrådet stiller seg kritisk til ekspertutval sitt forslag til nytt inntektssystem for fylkeskommunane.

Vestlandsrådet meiner at forslag til nytt inntektssystem ikkje bidreg til utjamning av ufrivillige kostnadsforskjellar, og likeverdige og gode tenester til innbyggjarane.

Vestlandsrådet viser til at det har skjedd forholdsvis mange endringar i kostnadsnøkkelen dei seinare åra, sett i forhold til åra før 2015. Det er viktig at ikkje inntektssystemet blir ein destabiliserande faktor i økonomistyringa. Endringane bør i større grad avgrensast til det nødvendige for dei fylkeskommunar som skal delast.

Les meir...