Vestlandsrådet er danna for å styrke landsdelen, både nasjonalt og internasjonalt, og utgjer ei politisk kraft som er sterkare enn den dei deltakande fylkeskommunane er kvar for seg. Fylka på Vestlandet har mange felles muligheiter og utfordringar.
Vi kan oppnå meir gjennom å samle kreftene for å utvikle Vestlandet, for å utnytte felles muligheiter og for å løyse våre felles utfordringar. Rådet består av i alt 18 medlemer, og er sett saman av fylkesordførarane, fylkesvaraordførarane og 4 medlemer frå kvar av fylkestinga i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.
Dette er dei nyvalde medlemene i Vestlandsrådet 2023-2027
På møte 10.april 2024 vedtok Vestlandsrådet politisk plattform for perioden 2024-2027.
SJÅ PROGRAMMET OG MELD DEG PÅ!!
Vestlandsrådet har samling i Bergen, 15.april kl 0830-1000, på Scandic Flesland Airport.
Presentasjonar og aktuelt frå m.a. møter i Vestlandsrådet