På møte i Vestlandsrådet i Bergen, 10.september 2024, vart det drøfta ei sak om revitalisering av arbeidet med ferjefri E39.
Vestlandsrådet ha tidlegare arbeidd aktivt og målretta med realisering av ferjefri E39 langs vestlandskysten. Og 18.juni 2023, vedtok Stortinget at realisering og arbeid med ferjefri E39 skulle vere ei hovedprioritering på riksvegnettet i Nasjonal transportplan 2014-2018.
Bygging av Rogfast med kryssing av Boknafjorden er i gang og er forventa ferdigstilt i 2033. Utover dette prosjektet er det fram til no ikkje sett av midlar til nye fjordkryssingsprosjekt på E39.
Vestlandsrådet har frå fleire hald blitt oppfordra om å sette ferjefri E39 på nytt på dagsorden, og skal m.a. gjennomføre eit arrangement under Arendalsveka 2025 med ferjefri E39 som tema. Vidare er det igangsett planlegging ein ferjefri E39- konferanse våren 2026.