Vestlandsrådet tok turen til Oslo og inviterte vestlandsfylka sine stortingsbenkar til dialogmøte om Stortinget si handsaming av Nasjonal transportplan 2025-2036. Dialogmøtet fann stad 10.april 2024 kl 1030 på Stortorvet Gjæstgiveri. Av i alt 42 inviterte stortingsrepresentantar, stilte kun 13 representantar opp på dialogmøtet med Vestlandsrådet.

Dei tre fylkesordførarane presenterte felles tranportpolitiske satsingsområder for landsdelen, der det vart peikt på manglande finansiering i NTP-forslaget av opprusting av fylkesvegane, fylkesvegferjedrifta og ferjefri E39.

Fleire stortingsrepresentantar peikte på konseptet ferjefri E39 som sjølve fundamentet for samarbeidet i Vestlandsrådet, og at denne satsinga ikkje har prioritet nok i forslaget til Nasjonal Transportplan 2025-2036. Derfor viktig med Vestlandsrådet som ei tydeleg og samla stemme for auka satsing på fjordskryssingar og ferjefri E39.

Les pressemelding frå dialogmøtet her.