Pressemeldingar og uttalar

Pressemeldingar og uttalar frå Vestlandsrådet

Pressemelding frå Vestlandsrådet, 10.april 2024 om Nasjonal transportplan 2025-2036

Vestlandsrådet i NTP møte med stortingspolitikarar, der Vestlandsrådet fekk synleggjort kva utfordringar som dei tre fylka ser med forslaget til ny Nasjonal transportplan (NTP).

Les meir....

Pressemelding frå Vestlandsrådet, 8.februar 2023 - om vegvedlikehald

Klimaendringar med enda meir nedbør med både flaum og skred som resultat, krev at vi intensiverer arbeidet med vegvedlikehald. No må vi få meir pengar frå statleg hald, seier dei tre fylkesordførarane i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.

Les mer....

Uttale frå Vestlandsrådet, 7.februar 2023 - om behov for auka nasjonal satsing på vegvedlikehald


Vestlandsrådet ber derfor regjeringa og Stortinget om å auke det øyremerka tilskotet til vedlikehald av fylkesvegane i statsbudsjettet for 2024, i tråd med det som er vedteke i samband med hand-saminga av NTP 2022-2033.

Les meir...

Uttale frå Vestlandsrådet, 7.februar om flaumsikring av fylkeskommunale infrastruktur

I samband med varsla St.meld. om framtidig politikk på flom- og skredområdet vedtok Vestlandsrådet uttale der det også vert peika på behovet for ei endring i den statlege tilskotsordninga for flaumsikring, der også finansiering av tiltak på fylkes-kommunal infrastruktur for flaumsikring av vassdrag vert inkludert.

Les meir....

Høyringsuttale frå AU Vestlandsrådet, 7.mars 2023, om forslag til nytt inntektssystem for fylkeskommunane

Vestlandsrådet meiner at forslag til nytt inntektssystem ikkje bidreg til utjamning av ufrivillige kostnadsforskjellar, og likeverdige og gode tenester til innbyggjarane.

Vestlandsrådet viser til at det har skjedd forholdsvis mange endringar i kostnadsnøkkelen dei seinare åra, sett i forhold til åra før 2015. Det er viktig at ikkje inntektssystemet blir ein destabiliserande faktor i økonomistyringa. Endringane bør i større grad avgrensast til det nødvendige for dei fylkeskommunar som skal delast.

Les meir.....

Uttale frå AU Vestlandsrådet, 7.mars 2023 om behovet for styrka finansiering av Intereg-programma.

Vestlandrådet ber regjeringa styrke Interreg-programma i arbeidet med komande statsbudsjett, og peiker særleg på Nordsjøprogrammet som viktig for vestlandsfylka. Vestlandsrådet ber også regjeringa finne fram til ein praksis som gjev Interreg-programma føreseielege budsjett over heile dei sjuårige programperiodane.

Les meir....