Vestlandsrådet inviterer til «Smaken av Vest» under Arendalsveka 2026
Onsdag 12.august kl 1900-2200
Vestlandet er ein havregion med eit betydeleg ressursgrunnlag for stor marin verdiskaping og rike mattradisjonar. Gjennom «Smaken av Vest» ønskjer vi å samle politiske aktørar, næringslivsleiarar og samarbeidspartnarar frå heile landet til ein kveld med gode smaksopplevingar frå Vestlandet, inspirerande samtalar og verdifulle møte på tvers av sektorar og geografi
I tillegg gjennomfører Vestlandsrådet to andre arrangement som tek opp viktige spørsmål for utviklinga av Vestlandet og Noreg:
• Kva skal til for å få fart på Vestlandsvegen E39? – om infrastrukturen som bind Vestlandet saman og legg grunnlaget for framtidig verdiskaping. Måndag 10.august, kl 1400-1500.
Sjekk ut arrangmentet her:
Hva skal til for å få fart på Vestlandsvegen E39?
• Framtidas matberedskap – kva rolle spelar havregionen Vestlandet? – om korleis havet, sjømatnæringa og dei maritime næringane kan bidra til å styrkje norsk matberedskap og forsyningstryggleik. Onsdag 12.august, kl 1730-1830.
Sjekk ut arrangementet her:
Framtidas matberedskap - kva rolle spelar havregionen Vestlandet?