Vestlandsrådet har skipa eit eige arbeidsutval (AU) med dei fire fylkesordførarane på Vestlandet. AU skal m.a. vere eit organ som set den politisk dagsorden og som avklarar kva saker ein skal arbeide med mellom møta og kva saker som skal takast opp i neste møte. I dag sit leiar i Vestlandsrådet og fylkesordførar i Sogn og Fjordane Åshild Kjelsnes, fylkesordførar i Hordaland Tom-Christer Nilsen, fylkesordførar i Rogaland Janne Johnsen og fylkesordførar i Møre og Romsdal Jon Aasen i AU.